Seniorar i Kvinnherad tok initiativ til seniorbustader

I Kvinnherad har seniorgruppa på Frivilligsentralen, saman med ein lokal entreprenør og arkitekt, fått bygd 29 bustader med livsløpsstandard. Nesten alle leilegheitene i det fem etasjes store bygget blei selt før byggestart og ferdigstilt hausten 2022.

Kommunenavn: Kvinnherad
Kommunestørrelse: Mellomstor
Initiativtaker Otto Blokhus og prosjektleder Roald Teigen står foran den nye blokka. Foto.
Frå venstre: Kasserar i Frivilligsentralens seniorgruppe og initiativtakar Otto Blokhus (91) og styreleiar Roald Teigen (83) var sentrale i prosjektet. Begge to har òg kjøpt seg leilegheit der. Foto: Kristian Hus/Skimtvis.

Bakgrunn

Kvinnherad kommune hadde utfordringar med heimehjelpstenesta på grunn av spreidd busetnad og store avstandar. Det var òg for få tilrettelagde bustader og sjukeheimsplassar i Vestlandskommunen ytst i Hardangerfjorden.

– Det veit eg, fordi eg var med og bygde sjukeheimen på Husnes på 70-talet og den store utvidinga på 2000-talet med nokre omsorgsbustader.

Det seier Roald Teigen (83) med 40 års erfaring i byggebransjen. Han kjenner området godt og har halde fram med å følge med på kommunen sine bustadplanar etter at han blei pensjonist. I dag er han leiar i seniorgruppa på Frivilligsentralen.

Einingsleiar for heimehjelpstenesta, Sigurd Næss kan bekrefte behovet for tilrettelagde bustader.

– Kvinnherad er ein kommune med ein ganske sterk auke i dei eldste aldersklassane. Og det var stadig fleire einsame eldre som sat i gamle einebustader rundt omkring. Ved å samle og bygge tilpassa bustader så kunne vi både skape eit sosialt fellesskap og nå fleire eldre med tenester på ein meir effektiv måte. Dette fann seniorgruppa på Husnes ut at dei ville arbeide med.

Resultat

  • 29 nybygde livsløpsbustader på Husnes i Kvinnherad.
  • Sentralt plassert blokk med fem minutts spasertur til lokalt kjøpesenter, kulturhus og tannlege.
  • 20 leilegheiter på 70 kvadratmeter og ni leilegheiter mellom 70 og 99 kvadrat.
  • Prisar frå 2,75 til 5,4 millionar kroner.
  • 27 leilegheiter blei førehandsselde og innflytta då bygget stod ferdig hausten 2022.
  • Bebuarane er i alderen 70–90 år samt ei dame under 50 år.
  • Eit sosialt fellesskap med andre i same alder.
  • Kvinnherad Breidband held til i første etasje.
  • Drivhus og samlingsrom på ein liten park utanfor bygget.
  • Heis og carportar til alle.
  • Heimetenesta vert enklare, fordi mange er samla ein stad.
  • I 2025 kjem det helsehus rett over vegen med lege, offentleg tannlege, ambulanse og mykje meir.

Beskriving av prosessen

Kommunen arrangerte seniorsamling, der dei tok opp at eldre måtte starte tidleg med å planlegge korleis dei ville bua i framtida.

– Vi tok òg til orde for at vi kunne få problem med avansert tenesteyting til ytterkantane av kommunen i framtida. Dette ser vi tydeleg i dag, når stadig fleire kommunar har problem med å rekruttere nok fagkompetanse, seier Næss.

Då seniorgruppa begynte å leike med ideen om eit eige og sentralt plassert seniorbygg i 2017, hadde dei ikkje fem øre. Dei fekk etter kvart midlar frå Sparebank1-stiftelsen, næringsfondet i kommunen og LHL avdeling Kvinnherad. Dermed kunne seniorgruppa begynne å marknadsføre prosjektet med lesarinnlegg, redaksjonell omtale og ulike møte, og dessutan informere ordførar og rådmann undervegs.

Det første året var gruppa innom to alternativ som ikkje var berekraftige, nemleg eit seniortun på ei usentral kommunal tomt, eller å bygge ein ekstra etasje oppå kjøpesenteret. Seniorane stod fast på det opphavlege forslaget sitt om eit eige seniorbygg tett på sentrum.

I 2018 kom det 70 personar på informasjonsmøte i kulturhuset etter ei annonse i lokalavisa. Då deltok òg representantar frå stiftelsen Sosialbygget på Voss med erfaringane sine frå bygging og drift av 108 seniorleilegheiter.

No var tida moden for å formalisere arbeidet i ei prosjektgruppe med seks personar: To frå kommunen, tre seniorar og ein «marknadssjef».

På det neste informasjonsmøtet fekk dei 160 frammøtte sjå teikningar frå forprosjektet. 64 av dei melde seg som interesserte. Med ein så konkret respons gjekk prosjektgruppa på jakt etter ei ny tomt.

I 2019 fekk dei opsjon på den tomta dei ønskte aller mest rett ved Rema 1000-butikken. Deretter inngjekk dei ein avtale med Engelsen Bygg AS på Stord som ville teikne, prosjektere, bygge og selje leilegheitene. Engelsen overtok òg opsjonen og kjøpe tomta.

Abo Plan & Arkitektur AS stod for arkitekturen i prosjektet.

I desember 2020 skreiv 27 seniorar kjøpekontrakt med utbyggaren, og bygginga starta i mars 2021.

– For oss var det veldig kjekt å få alt frå same leverandør. Engelsen gjorde eit par smarte trekk som blei viktig for å realisere prosjektet etter planen. Dei forhandla seg fram til gode materialprisar på førehand og unngjekk dermed prisstigning på leilegheitene. Vidare førehandsselde dei heile første etasje til Kvinnherad Breiband, fortel Teigen.

Kommunen har ikkje vore økonomisk delaktig i prosjektet, berre med prosjektarbeid, saksbehandling byggemelding og å heie på seniorgruppa.

– Dette var litt av eit initiativ, ei gåvepakke for oss i kommunen på alle måtar. Seniorgruppa har vore dei største pådrivarane til at det blei realisert med eit så godt resultat. Og når området var ferdig regulert frå før, så var det det ei smal sak for kommunen å godkjenne byggesøknaden, seier Sigurd Næss.

Finansiering

Husbanken har finansiert bustadene med 82,6 millionar kroner i lån til bustadkvalitet. Dei totale prosjektkostnadene var 97,1 millionar kroner.

Tips til andre

Seniorgruppa har følgande tips til andre som kan tenke seg å gjere det same:

– Ha mot til å sette i gang! Det er viktig med dei rette partnarane, bransjeerfaring i prosjektleiinga og mediedekning for å bli kjent og skape velvilje i lokalsamfunnet og blant politikarane, seier styreleiar Roald Teigen.

– Å få vere med å arbeide med seniorgruppa var ei svært positiv oppleving. Maken til ståpåvilje for å få gjennomført eit slikt prosjekt skal ein leite lenge etter. All ære til denne gruppa. Her har andre absolutt noko å lære, avsluttar Næss.

Det vidare bustadplanarbeidet

Kvinnherad kommune har ein bustadplan som blir rullert i samband med økonomiplanen. I bustadplanen er ulike bustadprosjekt tilpassa ulike brukargrupper prioritert. Kommunen skal i gang med bustadtun for menneske med funksjonsnedsetjingar og eit for personar med utfordringar knytt til psykisk helse og rus. I tillegg brukar dei ordninga leige til eige. Kjem det fleire liknande private initiativ, stiller kommuneadministrasjonen seg svært positive til det.

Les meir

Arkitekten si omtale av Husnes seniorsenter (abo-ark.no)