Avlastingsheim for barnefamiliar i Arendal

Etter over 25 år i mellombelse lokale hadde Arendal kommune behov for eit samla avlastingstilbod for barnefamiliar. I august 2022 opna Røedtunet, med ti plassar fordelt på tre bygg rundt eit tun med leikeareal og god tilgjenge.

Utvendig oversikt over dei raude bygningane med leikeplass i midten. Foto.
Lys fellesstove med tv, sofa, bøker og høgt under skråtaket. Foto.
Lys og romsleg korridor med dører til aktivitetsrom. Foto.
Vanleg rom høgt under skråtaket med kombinert stove og soverom pluss bad. Foto.
Lys leilegheit med kombinert stove og kjøkken, gang, bad og romsleg soverom med to dører. Foto.
Baderom med mini boblekar tilrettelagt for hc. Foto.

Bakgrunn

Eitt av Arendal kommune sine to avlastingstilbod hadde vore i mellombelse lokale sidan 1994. Den gamle sjukeheimen frå 1960-talet var så sliten og ueigna at han blei rivne. Samtidig opplevde kommunen ein drastisk auke i avlastingsbehovet. Fleire barn får diagnosar tidlegare enn før, noko som fører til at søknadene kjem tidlegare.

Resultat

Mål og målgruppe

Røedtunet er til for barn, unge og nokre unge vaksne med nedsett funksjonsevne, kroniske sjukdommar eller utfordrande åtferd. Per juni 2023 får 36 familiar avlasting på Røedtunet.

Arendal kommune har òg behov for burettslag til unge og vaksne med utviklingshemming, i tillegg til dette avlastingstilbodet.

Beskriving av utforminga

Røedtunet blei bygd på tomta til den gamle sjukeheimen, med mål om å lage eit bygg der barna kan utfalde seg naturleg utan unødvendige hindringar frå tilsette.

Formelt sett er Røedtunet ein institusjon, men foreldra opplever det ikkje slik. Massivtre som luktar godt, kombinert med varme fargar, skaper ei lun og heimekoseleg atmosfære. Samstundes er det brukt robuste materialar som toler hard bruk.

Arkitekten og prosjektleiaren i kommunen forstod behovet til brukargruppa og tok omsyn til det. Avdelingsleiar Tone Vålandsmyr fortel at romma er store, har eigne bad og romslege gangar som gir rørslefridom. Dei to sanseromma – eit vannleikerom og eit rom med boblebadekar – er spesielt populære blant barna.

Bygget har ti sengeplassar, men barna opplever ikkje å vere saman med mange andre, takka vere løysingar som to opphaldsstover og to etestover.

Brukarmedverknad

Personalet og foreldra fekk komme med innspel til teikningane undervegs i prosessen.

Finansiering

Dei totale prosjektkostnadene var på 54 millionar kroner, der 17,3 millionar kroner blei gitt som investeringstilskot frå Husbanken. Resten blei finansiert med momskompensasjon og kommunalt lån.

Utfordringar undervegs

Byggeprosessen gjekk stort sett bra, men nokre løysingar har vist seg mindre funksjonelle. Til dømes er skyvedører på bad ikkje optimale, då dei bør kunne låsast og hindre lysinntrenging. Nattsenking av lys i gangar må òg planleggast godt, slik at personalet kan sjekke romma utan å vekkje bebuarane.

Tips til andre