Prøvebo: Frå leige til eige for menneske med utviklingshemming
Trondheim kommune har etablert prøveprosjektet Prøvebo for å hjelpe personar med utviklingshemming til å kjøpe sin eigen bustad. Gjennom ein treårsperiode planlegg kommunen å skaffe 30 bustader fordelt på ulike bustadprosjekt i Trondheim. Prosjektet er godkjent som ei prøveordning med tilskot til utleigebustader, slik at kommunen kan kjøpe bustader i utbyggarprosjekt.
Resultat
- Trondheim kommune har kjøpt 19 leilegheiter etter modellen Prøvebo. 13 av leilegheitene blei kjøpte med tilskot til utleigebustader, medan 6 leilegheiter er kjøpte etter bortfall av tilskot til utleigebustader frå Husbanken.
- Bebuarar og pårørande opplever større valfridom, meir brukarmedverknad og auka inkludering i nabolaget.
- Kommunen set av 400 000 kroner i tilskot per bebuar, i tillegg til eit prisavslag på 50 000 kroner per bustad.
- Nokre bebuarar har valt å flytte frå bufellesskap til Prøvebo.
- Kommunen opplever at det er enklare å rekruttere tilsette til Prøvebo enn til ordinære bufellesskap.
- Kommunen held fram med å kjøpe bustader i modellen Prøvebo utan tilskot frå Husbanken.
- Personar med utviklingshemming som ikkje har delteke i prøveprosjektet har kjøpt seg bustad i nærområdet med startlån og ordinært bustadtilskot. Dei opplever at det er trygt å vere nær personalet i kommunen og fellesareala.
Bakgrunn
Trondheim kommune har som mål å hjelpe fleire personar med utviklingshemming til å kjøpe sin eigen bustad. Over tre år skal kommunen skaffe inntil 30 bustader til målgruppa. Mange kan ha behov for å prøvebu ein bustad før dei kjøper han. I dette prosjektet kan dei leige i inntil tre år før dei avgjer om dei vil kjøpe bustaden.
Mål og målgruppe
I perioden 2022-2025 skal kommunen skaffe til vegar 30 bustader spreidd i nye byggeprosjekt, slik at personar med nedsett funksjonsevne skal få moglegheit til å eige sin eigen bustad. Bustadene får nærleik til fellesareal og tenestebase.
Beskriving av prosessen
- Kommunen kjøper nye bustader av utbyggarar.
- Kommunen arrangerer visningar for aktuelle leigetakarar/kjøparar.
- Leigeavtalar blir inngått med moglegheit for å kjøpe bustaden innan tre år.
- Bebuarane kan kjøpe bustaden til takst.
Brukarmedverknad
Både kjøparane og dei pårørande opplever at dei har fått større valfridom når dei skal kjøpe bustad, og at dei kan velje mellom å leige eller eige.
Finansiering
- Kommunen fekk 5,4 millionar kroner i tilskot til utleigebustader frå Husbanken.
- Bebuarane kjøper til takst, med eit prisavslag på 50 000 kroner frå kommunen.
- Tilskot til utleige på cirka 400 000 kroner blir omgjort til tilskot til etablering om salet skjer innan tre år.
- Bebuarane kan få startlån frå kommunen for å fullfinansiere kjøpet.
Utfordringar undervegs
- Auka byggekostnader og kjøpsprisar førte til at kommunen kjøpte leilegheiter med mindre areal enn planlagt, men dette har vist seg å fungere godt likevel for dei som leiger og planlegg å bli eigarar.
- Auka renter har gjort det vanskelegare å fastsette storleiken på startlånet for kjøparar med ung ufør-inntekt, men kommunen har funne gode løysingar over tid.
- Nokre bebuarar har flytta ut grunna større behov for tenester enn forventa, men dette har ikkje vore problematisk, då det er mange som ønskjer denne buforma.
Vidareføring av arbeidet
Kommunen har busett dei som Prøvebo passar for, og vurderer no nye bustadmodellar for målgruppa i staden for å nå målet om 30 bustader.