Gjekk for berekraftig oppgradering – halverte byggekostnadene

Nordseterhjemmet i Oslo sparer store mengder energi etter ei innovativ oppgradering av vindauge. Kostnadene blei nesten halverte, og avfall og klimautslepp sterkt reduserte. Arbeidet ble utført utan at det forstyrra bebuarane, og drifta blei oppretthalden.

Nordseterhjemmet fasadebilde
slitt vindu som skal oppgraderes (2)
vindu etter oppgradering
Temobilde av varmetap fra vindu før oppgradering
Termobilde av varmetap etter oppgradering
Vindussnitt Oslo

Bileta over viser fasaden på Nordseterhjemmet, vidauga før og etter oppgradering, varmetap frå vindauga før og etter oppgradering samt eit utsnitt av vindauget.

Oslo kommune har oppgradert 362 gamle vindauge til moderne passivhusstandard, ved å gjenbruke dei eksisterende vindaugsrammene. Dette er eit banebrytande og vellukka klimaprosjekt, med hjelp av ein metode som aldri før er brukt i eit slikt omfang.

Resultat

Gjennomføring

Prosjektet er utført av Oslobygg KF og viser ei ny og svært berekraftig retning for renovering. Ved hjelp av ein innovativ og norskutvika festeteknologi, blei nye trelags glas monterte i dei gamle rammene. Løysinga reduserte ikkje berre kostnadene til rundt halvparten av ei full utskifting, men minimerte og avfall og klimautslepp.

Oppgraderinga har meir enn halvert varmetapet frå vindauga (U-verdien er forbetra frå 2,2 til 0,8) og den berekna årlege innsparinga er på 58 000 kWh.

Eit anna stort pluss var at arbeidet kunne bli gjennomført effektivt medan sjukeheimen var i full drift, uten at det forstyrra bebuarane særleg. Ingen stillas blei sett opp, og bebuarane kunne bli verande i romma sine medan arbeidet pågjekk. Kvar vindaugsramme blei raskt bytt ut, og prosessen kravde berre eit lite team med faste montørar, noko som skapte tryggleik blant bebuarane.

Prosjektet på Nordseterhjemmet er eit strålande døme på korleis vi kan oppgradere eksisterande bygg på ein innovativ, lønsam og berekraftig måte.

Finansiering

Tilskot til energitiltak frå Husbanken dekte 50 prosent av kostnadene til oppgraderinga.

Vidareføring av arbeidet

Oslobygg KF ønskjer å vidareutvikle metoden, mellom anna ved å inkludere gjenbruk av sjølve glasplatene. Dette prosjektet har demonstrert korleis innovasjon, klimahensyn og brukartilpassing kan gå hand i hand – og at gjenbruk kan vere ei reell, berekraftig løysing i framtidas byggeprosjekt.

Lenker

Artikkel om oppgraderinga på innovativeanskaffelser.no

Omtale av prosjektet på energinytt24.no