Trygg busituasjon for unge rusavhengige i rehabilitering
På Nedre Eik gård i Svelvik kan bebuarane bu så lenge dei har behov. Her har dei eigne husreglar og betaler husleige. Dei lever i eit fellesskap og jobbar, mens dei etablerer eit rusfritt tilvære. Når dei meistrar ein kvardag utan rus på eiga hand, kan dei flytte ut eller fortsette som mentor.
Bakgrunn
Som mange andre kommunar har Drammen vore på leiting etter ein målretta og berekraftig måte å hjelpe rusavhengige på. Etter eit studiebesøk på San Patrignano i Italia og Jegersberg gård i Kristiansand i 2017, bestemde kommunen seg for å starte opp etter same modell om å gi eit godt tilbod til unge som ønsker å bli rusfrie. Kommunen kjøpte derfor garden i 2019 med dette konkrete føremålet.
Ombygginga var første fase i prosjektet og bestod av fem hyblar med eigne bad og fellesareal, og i tillegg oppgraderte tak og ventilasjon. Hausten 2021 flytta dei fem første rusavhengige personane inn i kvar sin hybel. Neste fase er å regulere for å bygge to nye bebuarhus med 23 hyblar og større næringslokale.
Resultat per september 2021
- Fem nyoppussa hyblar i hovudhuset, på 14-17 kvadratmeter med eigne bad
- Oppussa lokale for arbeid og aktivitet, fellesareal, oppgraderte tak og ventilasjon
- Materialbruk og fargar som skaper ei varm og heimekoseleg atmosfære
Mål og målgruppe
Nedre Eik gård er eit tilbod til rusavhengige over 18 år som er motiverte for eit rusfritt tilvære og å meistre sitt eige liv. Drammen har mange unge i same situasjon, og fleire ønsker eit slikt tilbod, også frå andre kommunar.
Målet er at alle som har gått gjennom tre år med rehabilitering er klare for å starte i eigen bustad med jobb eller utdanning og ha eit tilfredsstillandre rusfritt liv. Erfaringane frå Jegersberg er at 75 prosent av dei som har gått gjennom tre år med rehabilitering har kome ut i jobb eller utdanning og har eit tilfredsstillande rusfritt liv.
Meir om modellen i praksis
Rehabiliteringsmodellen består av fire element:
- Tid: Rehabiliteringa går over tre år, du kan bu så lenge du treng til du er klar for å stå på eigne bein.
- Mentorordning: Etter eitt år kan ein bli mentor for nye bebuarar i ei likemannsordning.
- Kvalifisering: Arbeidstrening for å innarbeide gode rutinar innanfor helse, kosthald, ansvar, økonomi og trene på sosial omgang med andre.
- Fellesskap: bebuarane jobbar, et alle måltid og har all fritid saman.
For å kome inn må den enkelte gjennom eit slags jobbintervju, der dei får gode moglegheitar til å vise interesse og motivasjon for å bli rusfrie.
— Tiltaket på Nedre Eik Gård er heilt fritt for rus og andre medikament. Vi pratar om alt anna enn rus, og det set bebuarane stor pris på. For at det skal fungere godt er det viktig med aktive arbeidsdagar og fritid saman, fortel dagleg leiar Mari Tandberg.
Bebuarane deltek på morgonmøte kvar dag og jobbar fulle dagar med ulike oppgåver på garden. Her produserer dei benkar og bord, solsenger, bålpanner av brukte vaskemaskintromlar, eplejuice og graverer på ulike produkt, for å nemne noko.
— Nokre av dei som bur her har vore på anna rehabilitering, andre ikkje. Behovet er uansett stort. Jo fleire som har vore her, desto fleire trur vi vil ønske seg hit. Derfor håper vi på å kunne utvide med fleire plassar snart, seier Tandberg.
Brukarmedverknad
Bebuarane driv i praksis heile garden i fellesskap. I tillegg er dei med på møte med kommunen, arkitektar, lokale lag og foreiningar. Dei er like motiverte for å fortelje andre om livet sitt og hjelpa dei får, som det å bli rusfri.
Finansiering
Kommunen fekk 2,5 millionar kroner i tilskot til utleigebustader frå Husbanken. Prosjektkostnadene var 5,3 millionar. Husleiga er 10 693 kroner per månad.
Utfordringar undervegs
Oppussinga starta først i mars 2021, på grunn av at det gjekk ein del tid på konsesjonssøknaden, kommunesamanslåing og kommuneval.
Tips til andre
— Kom på besøk! Det gjorde vi, dette er eit konsept som må opplevast. Bebuarane stiller villig opp om det kan hjelpe andre, oppfordrar Mari Tandberg kontant, og legg til: Og lag ein heilskapleg plan med eit godt forprosjekt. Det kan gjerne vere ei trinnvis utvikling, men sørg for å forankre alt med ein gong med langsiktige mål og tilhøyrande reguleringar, finansiering og det som trengst.
Vidareføring av arbeidet
Gardsprosjektet er skissert for inntil 28 bebuarar. Våren 2022 starta omreguleringa for å kunne videreutvikle garden med opptil 23 nye bueiningar, fellesareal og næring. Det er forventa at omreguleringa blir behandla i slutten av 2023. Vidare finansiering vil deretter komme opp til politisk behandling i kommunen og med ein ny søknad til Husbanken.