Lågare energikostnader og betre inneklima i gammalt burettslag
Bebuarane i Måsevegen burettslag i Tromsø har fått betre inneklima og redusert straumrekningane etter ei omfattande oppgradering. Den åtte etasjar høge blokka frå 1978, som har 78 leilegheiter, har blitt fornya med hjelp av lån frå Husbanken.
Bakgrunn
Bebuarane i Måsevegen opplevde store utfordringar med å halde bustadene varme gjennom vinteren. Dårleg isolerte vindauge og trekk gjorde det vanskeleg å halde innetemperaturen behageleg, noko som førte til høge oppvarmingskostnader.
Bygget var heller ikkje universelt utforma, noko som skapte utfordringar for bebuarane i fellesområda. Postkasser, inngangsdør og søppelhandteringsområdet var utilgjengelege for rullestolbrukarar og avgrensa deira sjølvstende. Etter mange år med forsømt vedlikehald konkluderte styret med at ei omfattande oppgradering var naudsynt.
Resultat
- 78 leilegheiter har fått ny fasade
- Oppgraderte ytterveggar, nye vindauge og ytterdører
- Trinnfrie tilkomstvegar og døropningar
- Innglassa balkongar på 16 kvadratmeter med terskelfrie og ekstra breie dører, innlemma i fasaden til bustadene
- Universelt utforma område for søppelhandtering, postkasser og ringeklokker
Mål og målgruppe
Målet har vore å oppgradere blokka, redusere energiutgifter, forbetre inneklimaet og tilgjengelegheita for bebuarane, som i hovudsak er eldre.
Beskriving av prosessen
Burettslaget kom i kontakt med Husbanken då dei skulle bygge leilegheiter i første etasje i 2015. Dei fekk tilskot til ei tilstandsvurdering, og eit firma laga ein langsiktig vedlikehaldsplan. På grunn av gjentekne utfordringar i samarbeidet om oppgraderinga, blei dette avslutta.
Styreleiar blei seinare kjent med eit rehabiliteringsfirma som spesialiserte seg på å oppgradere og bygge balkongar. I 2020 henta styret inn eit nytt tilbod, og saman med den nye entreprenøren utarbeidde dei eit budsjett og ein plan for rehabiliteringa.
Bygget har no etterisolerte fasadar og ytterveggar, universelt utforma innglassa balkongar, og eit renovert inngangsparti som er både synleg og tilgjengeleg. Postkasser, ringeklokker og søppelkasser er tilrettelagde for rullestolbrukarar.
Prosessen med å få godkjenning frå bebuarane kravde fleire møte før prosjektet blei vedteke i generalforsamlinga. Styreleiar overtydde til slutt bebuarane om at investeringa ville redusere straumkostnadene betrakteleg, og planen blei godkjend.
Oppgraderinga har auka livskvaliteten til bebuarane. Dei kjenner ikkje lenger trekk frå vindauge eller kulde om vinteren, og straumkostnadene er blitt redusert med om lag 30 prosent. Oppgraderinga blei ferdig i juli 2022.
Brukarmedverknad
Styreleiar i burettslaget har vore med i prosessen frå starten av. Oppgraderinga blei vedteken i ei generalforsamling.
Finansiering
- Prosjektkostnad: 45 millionar kroner
- Lån frå Husbanken: 40 millionar kroner
- Felleskostnad for bebuarane har auka med 1800 kroner per leilegheit