Hordasmibakken – rimelege bustader med enkle grep
Tidlegare Lindås kommune trong rimelege og gode bustader til unge barnefamiliar med låg inntekt som hadde vanskar med å kjøpe bustad i den opne marknaden. Løysinga blei eit offentleg-privat samarbeid.
Hordasmibakken blei etablert som eit bustadkonsept av Lindås tomteselskap AS og tidlegare Lindås kommune (no Alver kommune) i 2015. Kommunen selde ei tomt til ein lokal utbyggar, med vilkår om at kommunen kunne bestemme kven som kunne kjøpe 14 av dei 20 bustadene i prosjektet. Lindås tomteselskap selde tomta til taksert verdi.
Målgruppa for prosjektet var unge i etableringsfasen og andre som har tilsvarande utfordringar med å etablere seg i bustadmarknaden. Kjøparane har finansiert bustadkjøpa med startlån frå Lindås kommune og Husbanken sitt lån til bustadkvalitet.
Resultat
- Bebuarane er svært godt nøgde.
- Unge barnefamiliar fekk flytte frå dårlege leigebustader til ein rimelegare bustad som dei sjølv eig ved hjelp av startlån.
- Gode bustadkvalitetar og gode uteområde.
Mål og målgruppe
Målsettinga med prosjektet var å skaffe rimelege og gode bustader til unge barnefamiliar med låg inntekt som hadde vanskar med å kjøpe bustad i den opne marknaden. Det var òg eit mål om å etablere eit godt offentleg-privat samarbeid med ein bustadsosial profil, og å bruke startlånet meir målretta.
Prosessen
Trinn 1: Leiarane for tomteselskapet og bustadkontoret tok initiativ for å realisere eit bustadprosjekt målretta mot unge barnefamiliar i etableringsfasen. Dei tok tidleg kontakt med Husbanken med sikte på prosjektutvikling og finansiering.
Trinn 2: Lindås tomteselskap AS selde tomta på Hordasmibakken til taksert verdi. Byggmester Markhus AS kjøpte tomta og forplikta seg til å bygge 20 bustader. I kravspesifikasjonen til anbodet stilte Lindås kommune krav om å få peike ut 14 av dei 20 kjøparane i prosjektet.
Trinn 3: Prosjektet blei annonsert på Lindås kommune sine heimesider og i lokal presse.
Trinn 4: Kommunen oppfordra prioriterte bustadsøkarar til prosjektet. Kommunen fekk totalt 46 søkarar, 14 av dei blei tildelt bustad i prosjektet etter loddtrekning. Dei 14 kjøpa blei finansiert med startlån. I enkelttilfelle har det vore inngått låneavtale med nedbetalingstid på inntil 50 år for å realisere bustaddraumen.
Trinn 5: Prosjektet stod ferdig og innflyttingsklart hausten 2017.
Finansiering
Tips til andre
- Ta kontakt med Husbanken tidleg
- Sørg for ei politisk forankring i kommunen
- Kartlegg behova skikkeleg