Trygge omgjevnader og heimleg atmosfære for menneske med demens

Nye Fosslia omsorgssenter ligg nord for Stjørdal sentrum. Det er kommunen sitt første omsorgssenter tilpassa personar med kognitiv svikt. Senteret har 76 bebuarrom og 25 dagplassar bygde rundt ein sansehage med blant anna vandreruter, plantar og amfi. Bebuarane har tilgang til eigen butikk, kjøkken, storstove og pleietilbod som frisør, fotpleie og tannpleie.

Oversiktbilde av omsorgsentereret.  Byggene som utgjør omsorgssenteret, ligger i en firkant rundt et tun. Foto.
De sosiale arealene vender inn mot sansehagen, som har vandreruter med bærbusker, frukttrær og blomsterbed. Foto.
Byggene ligger rundt et tun, med med vandrerruter i trygge og godt opparbeidet utearealer . Foto.
Beboerrom, lyst og romslig, med sofakrok for å ta imot besøk. Foto.
På biblioteket kan beboerne låne bøker eller spille spill. Foto.
Hyggelige, åpne og lyse sosiale soner med sittegrupper og bibliotek. Foto.

Bakgrunn

Kommunen hadde nokre mindre omsorgsbustader i Fosslia frå før og planla å bygge fleire, slik dei hadde lang tradisjon for. Som så mange andre kommunar hadde dei òg eit aukande behov for bustader til eldre. Etter eit tilsyn frå Statsforvaltaren blei dei planlagde omsorgsbustadene omdefinerte til ein institusjon med omsorgssenterprofil. Fleire eldre bygg blei rivne for å gi plass til dei tre nye bygga.

Resultat

Mål og målgruppe

Nye Fosslia omsorgssenter er kommunen sitt første som er spesielt tilpassa for personar med demens og andre med kognitiv svikt. Senteret har fleksible løysingar for å kunne vareta endra behov.

Heimekos og sosiale aktivitetar

Avdelingar med åtte bebuarar og fast bemanning bidreg til eit oversiktleg og trygt miljø. Det har blitt brukt fargar og materialar som skaper ro og heimekoseleg atmosfære. Bebuarane får henge opp eigne bilete og setje preg på romma sine.

Det er tilrettelagt for aktivitet både utandørs og innandørs. Senteret har tre store sørvende terrassar. Nokre demente er «vandrarar» som reduserer den indre uroa si ved å spasere. Sansehagen har asfalterte stiar med varmekablar for snøsmelting, noko som gjer dei tilgjengelege heile året.

Sansehagen har godt med bærbuskar, frukttre og blomsterbed. I ei helling er det laga eit amfi og ei lita scene etter ønske frå Fosslia skule som ligg like ved. Ideen er at besøk frå skolen og barnehagen skal spreie glede og knyte kontakt mellom generasjonane.

Sansehagen er òg open for brukarane av dagsenteret som eit ettermiddagstilbod. Tilbodet rettar seg mot eldre som bur heime og blir henta av ein minibuss.

I tillegg til sosial kontakt og arrangement tilbyr dagsenteret butikk, frisør, fotpleiesalong, tannpleie, kjøkken og storstove. Dagsenteret blir òg brukt av dei faste bebuarane. Bebuarane har armband som låser opp deira eiga dør når dei tek i dørhandtaket, og dei tilsette har ein alarm som varslar når noko akutt skjer. Personalet kan sjå kvar alarmen er utløyst på mobiltelefonen sin.

Drift- og miljøvennleg

Omsorgssenteret er bygd over to etasjar pluss kjellar. I kjellaren finst garderobar for dei tilsette, ulike lagerrom og alt av tekniske rom. Blant anna energisentral, kjølerom, fryserom og vaskeri. Parkeringa er på bakkeplan.

Veggane er solide med måling som toler kraftig vask. Vinylbelegget på golva er trekt opp på veggen for å gjere det lettare å halde reint.

16 energibrønnar med varmepumpeteknologi står for nesten all termisk energi i senteret. Oppvarminga skjer via ventilasjonen, supplert med elektriske varmepanel i taket for individuell temperaturjustering mellom romma.

Bada er plassbygde med vassboren varme i golva. I tillegg til jordvarmen er det 400 kvadratmeter med solceller på det flate taket. Takvatnet blir brukt til å vatne blomsterbed i sansehagen, og frå eit regnbed renn ein liten bekk under våte forhold.

Brukarmedverknad

Prosjektet har blitt behandla i rådet for funksjonshemma. Det har blitt gjennomført ti brukarmøte i dei viktigaste fasane av prosjektet.

Finansiering

Prosjektet er delvis finansiert gjennom investeringstilskot frå Husbanken med drygt 142 millionar kroner. Totalkostnaden til prosjektet var 276,2 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift.

Tips til andre

Vidareføring

Senteret opna i mars 2023. I den eldre, attverande busetnaden like utanfor det nye omsorgssenteret, er eit mindre hus under bygging. Dette skal bli bustad for inntil fire bebuarar med risiko for utagerande åtferd.

Teksten er delvis basert på omtalen på bygg.no. Les heile omtalen av prosjektet på bygg.no