Rendalen buset flyktningar privat

I 2022 har den vesle kommunen Rendalen i Innlandet busett heile 110 flyktningar. Godt samarbeid med frivilligsentralen, private huseigarar og ei engasjert befolkning har vore viktig for å lukkast. Når kommunen vurderer bustadar, tenkjer dei heilt enkelt: Kunne mine eigne barn budd her?

Faksimile fra artikkel i  Aftenposten om flyktninger i Rendalen
Faksimile fra Aftenposten 14. november 2022.

Rendalen kommune i Innlandet hadde 1769 innbyggarar i desember 2022. Etter ein jamn nedgang på nesten 500 innbyggarar dei siste 20 åra, gjorde folketalet eit hopp i 2022 med 110 flyktningar frå Ukraina.

Då krigen i Ukraina braut ut i mars 2022, hadde Rendalen godt med bustadar, i tillegg til skule og barnehage. Difor nytta kommunen i hovudsak ledige private bustadar til å busette flyktningar.

Ordinære bustadar

Før flyktningar kan flytte inn, synfer kommunen kvar utleigebustad og godkjenner kvaliteten. Det skal vere ordinær kvalitet som i ein kvar heim, i tillegg til fullt møblert. Kommunen sin eigen husleigestandard skal sørge for at private utleigarar ikkje «skor seg» på flyktningane.

Kommunen bruker eigne, låge satsar for kommunale utleigebustadar. I praksis betyr det følgjande priseksempel:

På innkomstdagen blir flyktningane møtt av flyktningkonsulenten ved innkomst til bustaden. Dei får eit kontantkort på 5000 kroner som kan brukast til innkjøp av det mest naudsynte med ein gong.

Ved å nytte eksisterande bustadar i den private marknaden, har ikkje Rendalen kommune hatt behov for økonomiske tilskot eller lån for å busette flyktningar. Berre éin familie har fått bustøtte så langt.

Liten arbeidsmarknad

Med 1770 innbyggarar i Rendalen kommune er det få arbeidsmoglegheiter ut over den store «mosefabrikken» på Åkrestrømmen. Før pandemien hadde over 140 personar frå ulike nasjonar arbeid der, mange av dei frå Aust-Europa.

Kommunen er opptekne av å «rettleie til sjølvstende». Målet er at flyktningane skal kunne bu i Rendalen for ei kort eller lengre tid og leve eit godt liv. Med så mange som 110 flyktningar i 2022 må kommunen også hjelpe dei som får jobb i ein anna kommune og vil flytte.

Utfordringar med vidare busetting i 2023

Per mars 2023 hadde Rendalen busett 33 nye flyktningar av dei 40 som IMDi har oppmoda om før inneverande år. Med svært få bustadar igjen som eignar seg for busetting av flyktningar, vil kommunen difor forsøke noko nytt.

Det eine er å få folk vidare til andre kommunar med større arbeidsmoglegheiter for å frigjere bustadar til nykomne flyktningar. Det andre er å leige nokre av kommunen sine 2270 hytter, noko som vil føre til behov for transport.

Rendalen har nemleg tre knutepunkt som alle ligg ved fylkesveg 30: Åkrestrømmen, Otnes og Berset, der kommunesenteret ligg. Kommunen vurderer også bustader eit stykke frå fylkesvegen sjølv om flyktningane ikkje har eigen bil. Dette kan løysast ved at naboar blir tilbodne honorar for at flyktningar i nabolaget skal få sitte på til butikken.

Husbanken har ei eiga side med info og rettleiing til bustadar for flyktningar