Energitilskot og startlån: Varmare bustader og frigjort handlingsrom

Rindal kommune oppgraderte tre tomannsbustader i Jøåbakken med energitiltak og selde dei vidare til bebuarane. Resultatet er betre heimar, lågare bukostnader og større økonomisk tryggleik for bebuarane. Kommunen fekk frigjord kapital, ressursar og vedlikehaldsansvar.

Framside på en av boliger etter oppgradering
Biletet viser to av dei tidlegare utleiebustadene, etter oppgradering. Med dobbelgarasje i sidebygning. Foto: Rindal kommune.

Utfordringa

Rindal kommune hadde seks vertikaldelte leilegheiter frå slutten av 1980-talet i Jøåbakken. Fleire av bebuarane hadde budd der lenge, og kunne bli bustadeigarar med hjelp frå kommunen. Før kommunen kunne selje, måtte standarden opp, og energibruken ned.

Resultat

Løysninga

Kommunen valde eit totrinnsløp: Først energitiltak med tilskot frå Husbanken, deretter sal til bebuarane.

Energitiltaka var etterisolering av yttertak/kaldt loft i alle seks einingane, anslått til 9 600 kWh spart i året (≈3 200 kWh per tomannsbustad). Tiltaka vart finansiert med eit tilskot på 683 520 kroner (inntil 50 prosent av kostnaden). Arbeidet blei gjennomført i desember 2024.

Deretter blei bustadene selde til bebuarane for 950 000 kroner per eining. Kjøpa vart finansierte med startlån og i fleire tilfelle supplert med tilskot til etablering, med rettleiing frå Nav undervegs. Kommunen har sikra langsiktig sosial profil gjennom å ha gjenkjøpsrett i ti år. Inntektene frå salet er lagt i fond for vidare bustadutvikling.

Kva betyr det for bebuarane?

Tiltaka gir varmare bustader, lågare straumrekningar og meir økonomisk tryggleik, noko som er særleg viktig for husstandar med svak økonomi. Gevinsten ligg ikkje berre i spart energi, men i føreseielege bukostnader og tryggleik i eigen heim. – Eg har aldri eigd nåla i veggen. No eig eg bustad, seier ein av kjøparane.

Vinn-vinn for kommunen

Modellen frigjer kapital, driftstimar og vedlikehaldsansvar som kommunen kan bruke på nye bustader. Kommunen unngår å sitje med gamle bygg og høge vedlikehaldskostnader, og kan heller planleggje nybygging og andre tiltak i bustadpolitikken. Behovet for bustønad og sosialstønad til å dekkje høge straumrekningar når økonomien er som trangast, er òg mykje mindre.

Kvifor dette virkar

Forsking frå NIBR (Astrup & Monkerud) viser at overgangen frå leige til eige gir økonomisk tryggleik for utsette husstandar. Det er nett denne effekten Rindal har utløyst. Langsiktige leigetakarar har blitt bustadeigarar i eigne heimar, med lågare utgifter etter energitiltak og eigarskifte.

Slik jobba kommunen, steg for steg

Politisk avklaring og finansiering:

Rask avklaring då Husbanken sitt tilskot kom på plass, og prosjektet fekk ros i kommunestyret.

Energioppgradering:

Nytt tak/etterisolering av kaldt loft gjennomført på alle tre tomannsbustadene.

Seksjonering og sal ved hjelp av startlån:

Leilegheitene blei seksjonerte og lagt ut for sal til bebuarane, med rettleiing frå Nav.

Tryggleik mot spekulasjon:

Kommunen har gjenkjøpsrett dei første ti åra, for å hindre kortsiktig uttak av gevinst.

Gevinst for vidare satsing:

Salsinntektene er sette i fond for bruk i nye bustadtiltak.

Overføringsverdi til andre kommunar

Rindal viser korleis ein kommune kan kombinere ei enkel energipakke (etterisolering av tak) med «leige til eige», og på kort tid skape både sosial gevinst og økonomisk handlingsrom. Grepet passar særleg i kommunar med langvarige leigeforhold i eldre småhusbusetnad. Erfaringane inngår i ei breiare lokal bustadsatsing med nye konsept og planlagde nybygg, Boligutvikling i Rindal, der kommunen i samarbeid med mellom andre Norconsult, Rindal Sparebank og Stiftinga Lokalt Løft utviklar nye bustadkonsept og grunnlag for nybygging. Salet i Jøåbakken viser gjennomføringsevne, og modellen kan kopierast av andre kommunar.