Suksessfaktorar for godt bustadsosialt arbeid

Desse seks suksessfaktorane er grunnleggande for å få å nå måla i det bustadsosiale arbeidet, både for det heilskaplege arbeidet i kommunen og på tiltaksnivå.

Det bustadsosiale arbeidet kan opplevast som fragmentert og komplekst for involverte partar. Forsking og praksis viser at det finst måtar å samarbeide og organisere seg på, som kan bidra til auka bustadsosial handlingskapasitet og betre resultat sjølv om kommunar er forskjellige med tanke på storleik, organisering eller utfordringar.

Dei seks suksessfaktorane

NOU 2011:15 "Rom for alle" framheva fem viktige suksessfaktorar for godt bustadsosialt arbeid i kommunane. Under strategien "Bolig for velferd" (2014-2020) blei ein sjette suksessfaktor lagt til.

1. Forankring og eigarskap

Skape ei felles forståing av mål, ansvar, metodar og tiltak hos leiing og i fagmiljøet.

2. Overordna strategi

Sjå utfordringar og løysingar i samanheng med andre politikkområde.

3. Organisering og samordning

Ha eit forpliktande og formalisert samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

4. Økonomiske ressursar

Sette av tilstrekkelege ressursar til gjennomføring.

5. Kompetanse

Utvikle, samle og dele nødvendig kunnskap.

6. Brukarmedverknad

Nytte erfaringa til brukaren i politikkutforming og gjennomføring på både eit strategisk og operativt nivå.

 

Boligsosiale suksesskriterier. Illustrasjon.

Ansvar på det bustadsosiale feltet

Fra 1. juli 2023 gjeld lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet (lovdata.no). Formålet med lova er å få eit klarare og meir samla regelverk på det bustadsosiale feltet, som igjen kan bidra til å nå måla i det bustadsosiale arbeidet. Ønsker du ei innføring? Les meir og sjå webinar om lova.

Du kan lese meir om ansvar og oppgåver i det bustadsosiale arbeidet (regjeringen.no)

Les òg om korleis kommunen kan ta bustadsosiale omsyn i planlegging.