Husbanken sin kommunestrategi
For at vanskelegstilte på bustadmarknaden skal bu godt og trygt i eigna bustader, vil Husbanken rettleie og følge opp alle kommunar gjennom eit heilskapleg tilbod av økonomiske verkemidlar, aktivitetar og verktøy.
Husbanken skal jobbe for at innbyggarane skal bu godt og trygt gjennom ei strukturert oppfølging av alle kommunar. Husbanken skal gi kommunane eit heilskapleg tilbod til å løyse sine bustadsosiale utfordringar.
Det heilskaplege tilbodet består av økonomiske verkemidlar, rettleiing, digitale plattformer, arrangement, informasjon og opplæring, og nettverk.
Mål for kommunestrategien
For å nå måla, vil Husbanken:
- Styrke evna i kommunane til å bruke Husbanken sine økonomiske verkemidlar, ved å rettleie, gi råd, informere og gi opplæring.
- Jobbe med alle kommunar, ved å sørge for at alle kommunar får eit tilbod frå Husbanken.
- Vere relevante for kommunane og sette deira reelle behov i sentrum, ved kontinuerlig å forbetre arbeidet og Husbanken sitt heilskaplege tilbod.
Prioriterte innsatsområde
Enkelte grupper er særleg sårbare på bustadmarknaden. Det vil bli retta ein særskilt innsats mot dei som står i fare for å bli eller er bustadlause, barn og unge, og personar med nedsett funksjonsevne.
- Ingen skal vere bustadlause.
- Barn og unge skal ha gode buforhold.
- Personar med nedsett funksjonsevne skal på lik linje med andre kunne velje kor og korleis dei vil bu.
Husbanken sitt heilskaplege tilbod til kommunane
For at kommunane skal lykkast og nå måla i det bustadsosiale arbeidet, er det viktig at dei jobbar ut frå dei bustadsosiale suksesskriteria. Husbanken jobbar for å vere relevant, tilføre kommunane meirverdi og vere ein fagleg støttespelar for kommunane i det bustadsosiale arbeidet. Tilbodet Husbanken gir til kommunane skal vere basert på kommunane sine behov.
Husbanken sitt tilbod til kommunane består av økonomiske verkemidlar, rettleiing, digitale plattformer, arrangement, informasjon og opplæring, og nettverk.
Husbanken skal vere ein sikker og effektiv forvaltar av økonomiske ordningar, som bustøtte, startlån, tilskot og lån til utleigebustader, og lån til bustadkvalitet.
Husbanken sine tenester og produkt støttar opp om dei økonomiske verkemidla. Ved å tilby kommunane rettleiing, informasjon og verktøy vil Husbanken styrke evna i kommunane til riktig og god bruk av dei økonomiske verkemidla.
Nettverk bidreg til kompetanseheving, moglegheiter for erfaringsutveksling og utviklingsarbeid hos kommunane.
Husbanken legg opp til utstrekt og god bruk av digitale verktøy i samarbeidet med kommunane.
Ansvar på det bustadsosiale feltet
Fra 1. juli 2023 gjeld lov om ansvaret i kommunane på det bustadsosiale feltet (lovdata.no) Formålet med lova er å få eit klarare og meir samla regelverk på det bustadsosiale feltet, som igjen kan gjere det lettare å nå måla for det bustadsosiale arbeidet. Vil du ha ei innføring? Les meir og sjå webinar om lova
Du kan lese meir om ansvar og oppgåver i det bustadsosiale arbeidet (regjeringen.no)
Les òg om korleis kommunen kan ta bustadsosiale omsyn i planlegging