Iveland kommune

Iveland kommune deltek i prosjektet Aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta. Prosjektet er eit samarbeid mellom Husbanken, Distriktssenteret og 12 kommunar.

Iveland kommune er ein innlandskommune med 1327 innbyggjarar (2020) i Agder. Kommunen er del av ein større bu- og arbeidsmarknad med kommunane Evje og Hornnes, Birkenes, Vennesla og Kristiansand. Innbyggjarane bur spreidd, dei fleste i og ikring tre lokalsentra: kommunesenteret Birketveit, Vatnestrøm og Skaiå.

Iveland har ei negativ folketalsutvikling. Samstundes veks andelen eldre sterkt. Ut frå berekningar vil befolkningsgruppa 67-79 år auke med vel 80% prosent fram til 2040. Andelen 80-89 år vil auke frå 31 personar i 2019, til 94 personar i 2040. Dette er ei kraftig utfordring for kommunen. Eit betre tilrettelagt butilbod, som innbyggjarane sjølve også tek ansvar for, er ein del av løysinga.

Bustadsituasjonen for eldre

Iveland kommune har hatt eit tradisjonelt bumønster, der ein vanleg busituasjon for eldre har vore å bu i eigen einebustad og på gardsbruk. Når helsa har svikta har bualternativet vore sjukeheim, eller flytting til leilegheit i nabokommunar. Gjennom dei siste 10 åra har kommunen vore offensive i å utvikle kommunesenteret Birketveit. Her har det vakse fram eit landsbytun med 26 universelt utforma leilegheiter, saman med viktige sentrumsfunksjonar som daglegvarebutikk, kaffikrok, bibliotek og areal til anna service og handelsverksemd. Dette har gitt eit nødvendig og populært tilskot til butilbodet i kommunen. Det viser også analyse som Agenda Kaupang har gjort, på vegne av Husbanken og Distriktssenteret.

Likevel er einebustaden det dominerande bustadtilbodet. Pr. 2020 er det 48 leilegheiter i kommunesenteret på Birketveit, medan dei andre stadene kun har nokre få tilbod av denne bustadtypen. I Iveland, som i andre små distriktskommunar, er det generelt utfordrande å utvikle mangfald og variasjon i bustadtilbodet. Bustadmarknaden er kjenneteikna av usikkerheit kring økonomisk risiko ved nybygging, få private initiativ, liten omsetnad og låge prisar på bruktbustader. Det vil gå ganske mange år før du kan vente å få tilbake byggekostnaden for ein bustad. Dette hemmer nødvendig sirkulasjon og kan føre til ei innlåsing i ein busituasjon som ikkje varetek behov som innbyggjarar og befolkningsgrupper har.

Parallelt med utviklinga av leilegheiter, har kommunen arbeidd aktivt med å bevisstgjere kva tenester kommunen har og kva tenester det er behov for etter ein modell kalla omsorgstrappa. Omsorgstrappa har teneste på ulike nivå der aukande hjelpebehov blir møtt med aukande, og meir omfattande, tenestetilbod. Iveland har sett behov for å styrke tilbod på dei fleste trinn, blant anna å tilrettelegge eigen bustad, tilby hjelpemiddel for heimebuande, etablere fleire omsorgsbustader og ny sjukeheim. Sjukeheimstilbodet er samla på Birketveit. Berekningar for alle kommunane i nettverket, gjort av Agenda Kaupang, viser at Iveland må styrke alle trinn i omsorgstrappa, også framover. Dekningsgraden for sjukeheimsplassar er i dag om lag likt med landssnittet, medan kommunen har langt høgare dekning av heimetenester, både for aldersgruppa 67-79 år og for gruppa 80-89 år. Store geografiske avstandar bidreg til auka behov, då mykje tid går med til å kome seg rundt.

Berekna behov for pleie- og omsorgstenester er meir enn dobbelt så høgt i 2040, samanlikna med berekna behov for 2019. Iveland har hatt god bruk av Husbankens verkemiddel dei siste 10 åra. Ut frå Agenda Kaupangs berekningar vil kommunen også framover ha behov for desse. Trass i strategi for at fleire eldre skal kunne bu i eigen heim lenger, vil kommunen truleg ha behov for fleire sjukeheimsplassar og bustader med døgnomsorg.

I tillegg til Husbankens verkemiddel, og verkemiddel frå NAV, har Iveland sjølv prioritert bustadpolitiske verkemiddel. Kommunen har i 2020 vedteke å etablere ei kommunal tilskotsordning for bustadetablering. Dette er eit verkemiddel med mål om å stimulere tilflytting og busetting, men som også rettar seg mot målet om styrkt aldersvennleg planlegging og fleire aldersvennlege bustader. I budsjett- og økonomiplanen er det sett av to millionar kroner til tiltaket. Agder fylkeskommune har også stadutviklingsmidlar, som kommunen kan søke på, til utvikling av kommunens sentra.

Kva seier planane?

Ivelands innsats i nettverksprosjektet Aldersvennlege bustader og bumiljø kan knyttast til fleire mål og strategiar i eksisterande planar. Særleg viktige plandokument er Kommuneplanens samfunnsdel, Handlingsplan for folkehelse og Kommunal bustadplan med vedtekter.

Samfunnsplanen har fleire mål og strategiar for inkluderande og aldersvennleg stadutvikling. Bustadplanen slår fast mål om balansert bustadutvikling i heile kommunen, med dei tyngste utbyggingane i Birketveit, Skaiå og Vatnestrøm. Kommunen ønskjer ikkje å vere ein tung aktør i gjennomføringa, men vil samarbeide med private aktørar om utbygging med god kvalitet på bygg og område. Planen slår også fast behov for oppgradering av kommunal bustadmasse og å vurdere eventuelle sal av deler av eksisterande bustadmasse. Planen slår dessutan fast at alle har eit sjølvstendig ansvar for eigen busituasjon, der kommunens rolle er å informere, rettleie og hjelpe gjennom økonomiske ordningar, når det er behov.

Prosjektmål

Ivelands prosjektplan for Aldersvennlege bustader og bumiljø tek i stor grad opp i seg måla og strategiane frå dei overordna plandokumenta. Etter utviklinga av landsbytunet Åkle, nye omsorgsleilegheiter og sjukeheimsutbygging har kommunen investert for godt over 60 millionar siste åra. I prosjektperioden ønskjer kommunen no å prioritere vidare kunnskapsutvikling, heilskapleg og tverrfagleg planlegging, i tillegg til involvering og mobilisering av innbyggjarane.

Iveland har forventningar til at prosjektdeltakinga skal støtte kommunen i arbeidet med å skaffe fleire tilpassa bustader og leilegheiter, mobilisere kultur for eigen bustadsituasjon, auke kunnskap om eksisterande verkemiddel, og skaffe meir kunnskap om innbyggjarane sine bupreferansar.

Kommunen forventar også at nettverket tek nødvendige drøftingar kring eksisterande verkemiddel, korleis desse fungerer og innspel til justeringar.

Aktivitetar og tiltak

Eitt år ut i prosjektperioden er Iveland i gang med fleire aktivitetar og tiltak for å styrke seg vidare som ein framtidsretta og attraktiv bukommune, også for eldre: Prosjektet er forankra i fleire einingar i kommunen, og det er god breidde i eigarskapet til prosjektet. Etableringa av ei bustadrådgjevingsgruppe er godt i gang.

Vidare jobbar kommunen med å få ut ei undersøking til innbyggjarar over 55 år, for å kartlegge busituasjon og standard, og også kva behov og ønskje innbyggjarane har for framtidig busituasjon. Her vil Iveland ta utgangspunkt i kartlegginga frå Novas analyse av mobilitet blant eldre på bustadmarknaden. Kommunen er i gang med å styrke kunnskapen om Husbankens verkemiddel og rådgjeving, på tvers av ulike sektorar i kommunen.

Kjelder: SSB kommunefakta, Kommuneplanens samfunnsdel og boligpolitisk plan.