Bruk av informasjons­kapslar på husbanken.no

Husbanken nyttar, som fleste andre nettstadar, informasjonskapslar (cookies). Informasjonskapslar er små informasjonsfiler som blir liggjande att på datamaskina di for at tenesta vår skal fungere best mogeleg for deg som brukar.

Informasjonskapslar blir i hovudsak brukt for trafikkmåling og til å optimalisere tenesta. Informasjonskapslar medfører ikkje nokon sikkerheitsrisiko for deg, og du kan når som helst stille inn nettlesaren din slik at du kan avvise informasjonskapslar. Les meir om korleis du kan avvise informasjonskapslar (nettvett.no).

Nettlesaren din sender òg automatisk opplysningar til husbanken.no sine serverar kvar gong du ber om å få vist ei side. Dette er eksempelvis opplysningar om kva for nettleser og -versjon du bruker og din internettadresse (IP-adresse). For kvar side som blir vist, lagrast i tillegg opplysningar om dato og tid, kva for side du kom frå, kva for side du ser på og så vidare.

Ingen av desse opplysningane blir brukt til å identifisere enkeltpersonar. Vi bruker desse opplysningane til å generere ein samla statistikk som blant anna viser dei mest populære sidene og kva for informasjon brukarar søker etter. Statistikken er eit reiskap til å forbetre våre tenester til deg som sluttbrukar.

Oversikt over cookies på Husbanken.no