Husbanken og berekraftsmåla
Berekraftsmåla er ein del av Agenda 2030, ein felles global arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Husbanken jobbar også med å nå desse måla.
Berekraftsmåla er ein del av Agenda 2030, ein felles global arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Husbanken jobbar også med å nå desse måla.
Til saman er det 17 berekraftsmål, med 169 delmål, som konkretiserer kva ei slik samfunnsutvikling inneber, og kor miljø, økonomi og sosial utvikling blir sett i samanheng.
Berekraftsidene på regjeringen.no
Les om kommunesektoren sitt arbeid med berekraftsmåla
"Strekk i laget": Rapport om korleis berekraftsmåla kan bli innlemma i kommunal planlegging
Husbanken arbeider for at sosial berekraft skal vere ein føresetnad for bustadbygging og områdeutvikling, på lik linje med miljømessig og økonomisk berekraft. Det gjer vi ved blant anna å gi vanskelegstilte husstandar høve til å eige bustaden sin, og bidra til fleire bustader som bruker lite energi og er universelt utforma.
Regjeringa sin handlingsplan Mål med meining, er grunnlaget for Husbankens arbeid med berekraftsmåla. Husbanken sine verkemiddel og arbeid bidreg til å nå seks hovudmål og ni delmål.
I 2021 var det 110 700 barn under 18 år som levde i fattigdom i Noreg. Husbanken og kommunane hjelper husstandar som har vedvarande låg inntekt med å kjøpe sin eigen bustad med startlån. Både startlån til refinansiering og bustøtte gjer at stadig fleire greier å behalde bustaden sin og halde buforholdet ved lag. Dette bidreg til å redusere relativ fattigdom.
Husbankens låne- og tilskotsordningar bidreg til gode livsløpsbustader og miljøvennlege bustader som har innverknad på helse og livskvalitet. Dette gjeld kommunale utleigebustader, omsorgsbustader, sjukeheimar, studentbustader og ordinære bustader for sal. Lån kan òg nyttast til å oppgradere bustader for å gi betre tilgjenge og energieffektivitet. Husbanken gir òg tilskot til å bygge og oppgradere omsorgsbustader og sjukeheimar.
At fleire eig bustaden sin reduserer ulikskap. Husbanken samarbeider med kommunane for at fleire innbyggarar kan eige bustaden sin ved hjelp av både tilskot, startlån og bustøtte. I kombinasjon har desse ordningane bidrege til at fleire kan halde fram med å bu i bustaden sin, eller busette seg i heilt ordinære bustadområde. Dette handlar blant anna om uføre, flyktningar, personar med utviklingshemming, eldre og andre som av ulike grunnar har utfordringar med økonomi, å fungere i kvardagen eller det sosiale.
Husbanken sitt samarbeid med kommunane og bruk av økonomiske verkemiddel bidreg til at fleire kan kjøpe ein eigna og god bustad, halde ved lag buforholdet, og at det har blitt fleire eigna utleigebustader i gode og trygge bumiljø.
Husbanken har prioritert lån til å finansiere bustader i distrikta. Denne prioriteringa bidreg til at det blir fleire eigna bustader i tynne og usikre bustadmarknader, og legg til rette for meir aldersvennlege lokalsamfunn.
Husbanken rettleiar kommunane i korleis dei kan ta bustadsosiale omsyn i planlegging. Det bidreg til god, langsiktig planlegging og avgjerder bygde på godt kunnskapsgrunnlag om bustadmarknaden og ulike grupper i kommunane.
Husbanken har òg ansvar for eit nettverket beståande av dei største byane i landet. Storbynettverket er ein arena for erfaring- og kompetansedeling rundt bustadsosiale utfordringar i byane, områdesatsingane og bruk av verkemidla.
Husbanken gir lån til å oppgradere eksisterande bustader og til å bygge livsløpsbustader og miljøvennlege bustader. Husbanken gir òg tilskot til energitiltak i kommunale utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar.
Kommunane er Husbankens viktigaste samarbeidspartnar for å nå visjonen om at alle skal bu godt og trygt. Husbanken støttar opp om kommunane sitt arbeid både med økonomiske verkemiddel og fagleg rådgjeving.
Brukar- og interesseorganisasjonar, bustadbyggelag og utbyggarar er andre viktige samarbeidspartnarar på det bustadsosiale området. Dialogen gir verdifulle innspel om situasjonen i bustadmarknadene for brukargrupper og kommunar.
Husbanken har løpande samarbeid med andre velferdsdirektorat om ulike statlege strategiar og satsingar som bidreg til betre tverrfagleg samhandling, og for å gi kommunane og private personar heilskaplege løysingar og tenester.