Vil du hjelpe oss å gjere det enklare å søke om rentekompensasjon?

Da vil vi gjerne høyre frå deg!

Alt du treng å gjere, er å sende ein e-post til brukertest@husbanken.no. Skriv namnet ditt i e-posten, så vi veit kven du er.

Kva ønsker vi frå deg?

Ved å melde deg, kan du bli spurt om å dele meininga di eller erfaringane dine med oss, sjå på teikningar eller klikke på skjermen eller mobilen. Ingen svar er riktige eller gale.

Saman finn vi eit tidspunkt som passar for deg. Uansett held vi det enkelt og kort. Vi behandlar alt du seier anonymt, og det skal berre brukast av oss som jobbar med forbetring av dei digitale løysingane våre.

Illustrasjon av et papirfly i lufta

Kvifor hjelpe?

I Husbanken jobbar vi for å lage brukarvennlege digitale løysingar som kjem heile samfunnet til gode. Derfor ønsker vi å høyre tankar, erfaringar og innspel frå deg som bruker dei digitale tenestene våre.