Ulsteinvik: Husbankkonferansen 2024

Husbankkonferansen er ein viktig møteplass for deg som jobbar med bustadsosialt arbeid og bustadpolitikk i kommunen. Vi byr på eit spennande og variert program med gode eksempel frå kommunar i Noreg, fagleg påfyll, inspirasjon og nettverksbygging.

Start: 17. april 2024 10.00
Slutt: 18. april 2024 15.00
Sted: Quality Hotel Ulstein, Sjøgata 10, 6064 Ulsteinvik
Pris: 1 120 (utgifter til reise og opphold dekkes av deltager)
Konferansen passar for kommunalt tilsette og andre som arbeider med bustadsosialt arbeid, bustadpolitikk og planlegging av bustader i kommunane i Møre og Romsdal.
Påmeldingsfrist: 22. mars 2024 23.59

I år arrangerer vi konferanse over to dagar i både Ulsteinvik og Trondheim. Konferansane er like, men med lokale variasjonar. 

Program 17.april

  • Korleis kan din kommune nytte Husbanken sine verkemiddel på beste måte?
    Informasjon og nyheiter frå Husbanken
  • Bruk av startlån i dyrtid i Ålesund
    v/Kristin Myklebust, Ålesund kommunale eigedomsselskap
  • Bustøtte i Molde - organisering og innsiktsarbeid
    v/Magne Beyer, Molde kommune
  • Ut av bostedsløyse - inn i kva?
    v/Stine Sundan, Kirkens Bymisjon
  • Utvikling av eit godt bustadtilbod for ROP-gruppa
    v/Silje Kleven Eriksen, Ulstein kommune
  • Eit aldersvenleg Noreg og Bu trygt heime-reformen
    v/Anne Berit Rafoss, Senter for eit aldersvenleg Noreg 
  • Vegen til eigen bustad for personar med nedsett funksjonsevne - ei eksempelsamling
    v/Tor Ingar Verstad, Husbanken

Program 18.april

  • Ny bustadmelding - ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet
    v/Husbanken
  • Bruk av innbyggardialog i arbeidet med tilpassing av bustader
    v/Irene Graskopf, Ørsta kommune
  • Betraktningar over utviklinga av Ulstein kommune frå ein pensjonert kommunalsjef
    v/Marit Botnen
  • Eigna bustad - men kva med eigna beliggenheit?
    v/Tiffany Otis, Husbanken
  • Kva er status for bustadmarknaden i Møre og Romsdal nett no?
    v/Kristin Leirbekk Husøy, Martin Haddal og Martin Mork Kleppe, NOTAR Ulsteinvik
  • Å eige sin eigen omsorgsbustad i burettslag
    v/Kristin Nonsvik, Ålesund kommune
  • Bustadpolitikk og bustadframskaffing i Sykkylven
    v/Ronny Utgård, Sykkylven kommune
  • Tips, triks og erfaringar frå Husbanken og norske kommunar
    v/Tor Ingar Verstad, Husbanken