Nye utleigebustader i Ålesund med god tilgjenge

Ålesund kommune har fått tilgang til fem utleigebustader med gode kvalitetar gjennom tilvisingsavtale. Bustadene ligg i eit bygg med tre etasjar, flott plassering og utsikt over havet. Heile bygget har tolv leilegheiter med heis, og det er gangavstand til sentrum. Dette er det første tilvisingsprosjektet i Ålesund som har blitt finansiert av Husbanken.

Oversiktsbilete av bustadene. Fasade langside i tre etasjar. Flott havutsikt. Uteareal med parkeringsplassar. Foto.
Soverom i første etasje. Romsleg rom med mykje lys. Foto.
Romsleg og lys stove med vindauge til taket. Foto.
Stort baderom i nøytrale, lyse fargar og dusjhjørne. Foto.
Ope kjøkken med stor plass til matbord. Lyse fargar og stort vindauge. Foto.
Trappegang med lyse veggar og parkett. Foto.

Bakgrunn

Ålesund kommune har ikkje hatt økonomi til å kjøpe nye bustader eller til å fornye bustadmassen sin. Tilvisingsavtalen har vore ein effektiv måte å auke bustadtilgangen på utan store investeringar.

Resultat

Beskriving av prosessen

Ålesund kommune og Husbanken inviterte private aktørar til samarbeid om å bygge utleigebustader med tilvisingsavtalar i 2017. Fire aktørar melde si interesse, og kommunen inngjekk avtalar med to av dei. Den eine avtalen var å bygge utleigebustader i A.O. Devolds gate. Avtalen blei signert hausten 2018.

Tilvisingsavtalen varer i 20 år, og gir kommunen rett til å disponere inntil 40 prosent av leilegheitene til bustadsøkarane sine. Byggeprosessen har vore ryddig, men langvarig. Eit godt samarbeid mellom Husbanken og Ålesund kommune var avgjerande for å få avtalen i hamn.

Finansiering

Den totale kostnaden til prosjektet var på 34,8 millionar kroner. Husbanken har bidrege med 27,5 millionar i lån til utleigebustader. Dette utgjorde 85 prosent av den totale prosjektkostnaden.

Utfordringar undervegs

Prosjektet blei sett i gang midt under koronaperioden. I denne perioden auka prisen på materialar og transport. Reiseforbod for utanlandske arbeidarar førte til ei forseinking på fire månader. Laupande renter og høgare prisar på materialar bidrog til auka kostnader.

Lenke

Informasjon om tilvisingsavtalar på Husbanken sin nettstad