Nye studenthyblar i Stavanger tilrettelagde for nedsett funksjonsevne

Studentsamskipnaden i Stavanger (SIS) har bygd to bustadbygg med til saman 129 eittroms hyblar. Bygga ligg på campusen til universitet på Ullandhaug, og alle hyblane er tilrettelagde for studentar med nedsett funksjonsevne.

Kommunenavn: Stavanger
Kommunestørrelse: Stor
Flyfoto av campus med dei to nye hybelbygga. Foto.
Uteareal mellom hybelbygga med stiar og plen. Foto.
Bakkefoto eitt av bygga med fem etasjar. Foto.
Fasadefoto utsnitt fire øvste etasjar med vindaugsflater mot blå himmel. Foto.
Innvendig fellesområde på bakkeplan med bord, stolar og store vindaugsflater. Foto.

Resultat

  • 129 eittroms hyblar med eigne bad og kjøkken, tilpassa studentar med nedsett funksjonsevne.
  • Hyblane er mellom 19 og 22 kvadratmeter store.
  • Energibrønnar kombinert med varmepumper dekker bygga sine oppvarmingsbehov og bidreg til ei energieffektiv løysing.
  • Bygga er ein del av områdeplanen for universitetsområdet og blei ferdigstilte i juli 2022. Studentane flytta inn i slutten av juli det same året.

Bakgrunn og mål

Universitetet i Stavanger (UiS) har i fleire år hatt for få studentbustader, med ein dekningsgrad på 14,4 prosent. Målet har vore å auke talet på einingar, og samstundes oppfylle krava om tilgjenge for studentar med nedsett funksjonsevne. Sjølv om tilgjengelege hybeleiningar kostar meir å produsere, kom prosjektet likevel under kostnadsramma, ved å masseprodusere like og tilgjengelege einingar til heile prosjektet.

Beskriving av utforming

Dei 129 hyblane er fordelte på to bygg. Alle har eigne kjøkken og bad. Hyblane er romslege med mykje lys, som kjem inn gjennom store vindauge. Fleire av studentane har brukt vindaugskarmane til oppbevaring eller for å lage ein sittenisje. Fargane er moderne, og høgda under taket gir høve til ekstra oppbevaringsplass.

I første etasje i eitt av bygga er det etablert eit stort fellesrom med store vindauge mot nord og sør (sjå bilete). Det er innandørs sykkelparkering i kjellaren. Uteareala har møteplassar, volleyballbane og gapahuk, som kjem studentane til gode.

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad er vareteke ved at fleirtalet i styret og styreleiar i samskipnaden er studentar.

Finansiering

Dei totale prosjektkostnadene på 127 232 700 kroner blei finansiert med lån til studentbustader på 79 180 000 kroner og tilskot til studentbustader på 48 052 500 kroner.

Den månadlege husleiga på 5 425 kroner inkluderer straum, breiband, bruk av vaskeri, vaktmeisterteneste og husvert.

Tips til andre

  • Ha varierte buformer i prosjekta.
  • Planlegg for gode fellesareal som er lett tilgjengelege. Gjerne fleire fellesareal tilpassa ulik bruk.

Lenker

Som å bu i eit stort hotellrom (uis.no)

Vidareføring av arbeidet

Hybeleiningane er utleigde og det er planlagt enda eit nytt prosjekt på campus.