Alle foto: Even Lundefaret
Bakgrunn
Tilgangen på studentbustader ved campus Rauland har vore avgrensa i mange år. Studentane har hatt utfordringar med å finne seg eigna bustader i nærområdet. Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (SSN) har derfor jobba med å prosjektere nye studentbustader på campusområdet gjennom fleire år. Studenthyblane frigjer utleiebustader i marknaden samtidig til andre behov, for eksempel når kommunen skal busette flyktningar.
Resultater
- 32 hyblar med eigne bad, kjøkken og hems.
- Ti handikap-tilpassa parleilegheiter med eigne bad, kjøkken og separate soverom.
- Hyblane er mellom 25 og 27 kvadratmeter, mens parleilegheitene er mellom 29 og 30 kvadratmeter.
- Samansettinga av bueiningane er basert på studentane sine behov og etterspørsel.
- Dei to hybelbygga blei ferdige til studiestart hausten 2023. I løpet av vinteren 2023 opnar dessutan «Yggdrasil», ein sosial møtestad på same tun som bustadene. Bygget vil innehalde fellesrom, fellesvaskeri, studentkontor og tekniske rom.
Mål og målgruppe
Målet har vore å auke antal studenthyblar for å vareta studentane, og bidra til at Rauland framleis kan vere ein attraktiv studiestad i framtida. Målgruppa er studentar ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) sin campus på Rauland.
Meir om utforming og prosess
Berekraft har vore gjennomgåande i heile planleggingsfasen og byggeperioden. Saman med ein lokal entreprenør og med kortreiste materialar har SSN fått store, funksjonelle hyblar og leilegheiter med eit lågt klimaavtrykk og gode miljøkvalitetar.
Alle hyblane er eittroms, med ein stor hems med takvindauge som slepp inn godt med dagslys i rommet. På hemsen har studentane stor seng, arbeidsplass og stort garderobeskap. Det gjer at opphaldsdelen i hovudetasjen har blitt større og meir fleksibel.
Å etablere fleire nye bustader i eit relativt lite byggeprosjekt på ein liten campus har vore både spennande og utfordrande. SSN har blant anna vareteke ei estetisk tilpassing av fasadane som førte til nokre meirkostnader i prosjektet.
Vertskommunen har vore ein svært viktig bidragsytar. Vinje kommune har lagt til rette tomteareal og hjelpt med rask sakshandsaming gjennom heile prosjektet. Dei har òg bidrege med betydelege middel for å få realisert det nye studenthuset/forsamlingshuset.
Studentbustadene er forma, møbler og innreidde basert på eit spennande innovasjonsprosjekt som SSN gjennomført i 202. Der bidrog mange studentane ved USN med innsikt, teikningar, undersøkingar og anna viktige. Til saman skapte dei «studentanes draumehybel» og «the place to be» som to bustadkonsept som har blitt vidareført i SSN, blant anna ved campus Porsgrunn.
Finansiering
Dei totale prosjektkostnadene for dei til bustadbygga var 72,3 millionar kroner. SSN finansierer prosjektet med Husbankens lån til studentbustader på 55,7 millionar kroner og tilskot til studentbustader på 16,6 millionar. Leigeprisen for hyblane er 5300 kroner i månaden. Parleilegheitene kostar 7900 kroner.
Kombinasjonen av høge materialkostnader og eit relativt lite byggeprosjekt i eit bruksområde, gjorde det først umogleg å bygge dei 52 ønskte studentbustadene innanfor kostnadsrammene som Kunnskapsdepartementet (KD) har sett. I 2023 blei regelverket endra, slik at det er tidspunktet for mellombels bruksløyve/ferdigattest som avgjer kostnadsnorma prosjektet skal ligge innanfor. Dermed blei søknaden godkjend med eit nøkternt og realistisk kostnadsbilde og med ei løpetid på 50 år på lånet frå Husbanken.
Tips til andre
- Sørg for å ha god dialog med studentane om ønske og behov for nye bustader. Studentane sine preferansar forandrar seg, og vi er nøydd til å bygge bustader med fleksible løysingar for mangfaldet av studentar.
- Sørg for å involvere både entreprenører og lokale myndigheter fra start. Det kan spare prosjektet for betydelege kostnader. Eit tett og godt samspel med lokale bygningsmyndigheiter er eit svært viktig bidrag til gjennomføring eit smidig og godt prosjekt.
- Jobb med miljøperspektivet og andre kostnadsdrivarar i prosjektet i eit livsløpsperspektiv for heile byggeprosjektet.
Lenker
Campus Rauland Studentboliger