Bakgrunn
Dalaneset brygge er eit døme på korleis Bømlo kommune strategisk nyttar planverket til å regulere attraktive bustadområde. Kommunen ønskte å bygge nye bustader med kvalitetar som kunne trekkje til seg nye innbyggarar, samstundes som dei planla for stadig fleire eldre som ønskte å velje kvar dei skal bu. Eit tidlegare nedlagt industriområde er no omgjort til eit bustadområde med 38 livsløpsbustader og universelt utforma uteareal. Kvalitetane i prosjektet gjorde at Statsforvaltaren gav løyve til bygging i strandsona.
Resultat
- 38 livsløpsbustader på 68 til 108 kvadratmeter
- Ein god miks av unge og eldre bebuarar
- Felleshus med kjøkken til bruk for bebuarane
- Godt opparbeidde uteområde, fleire møteplassar med bord, benkar og leikeplassar
- Parkeringshus under bakken
- Ei universelt utforma strand som er tilgjengeleg for alle
Mål og målgruppe
Målgruppa for prosjektet var innbyggarar i alle aldrar. Kommunen ønskte å trekkje til seg nye innbyggarar med attraktive livsløpsbustader, slik at fleire eldre kunne velje kvar dei ønskte å bu.
Beskriving av kvalitetar
Bustadene ligg attraktivt til ved sjøen og har eigne uteareal. Dei inkluderer eit felleshus med kjøkken, som alle bebuarar kan bruke til selskap og sosiale aktivitetar. Felleshuset fungerer òg som ein møteplass som legg til rette for gode relasjonar mellom bebuarane i området.
Parkeringa er løyst med eit felles underjordisk garasjeanlegg, noko som bidreg til å redusere forureining. Uteområda er universelt utforma og inkluderer møteplassar med bord og benkar, leikeplassar for barn, og ein strandpromenade som er open for alle. Nærleiken til sjøen er ein kvalitet som både legg til rette for fritidsaktivitetar og gir bebuarane høve til å kjøpe båtplass.
Brukarmedverknad
Dei som førehandskjøpte leilegheiter, fekk delta i planlegginga av sitt byggetrinn saman med kommunen, Husbanken og utbyggaren.
Finansiering
Dalaneset er bygd og selt trinnvis gjennom tre år. Bustadene varierer i storleik frå 68 til 108 kvadratmeter, med prisar mellom tre og fem millionar kroner frå 2021 til 2024. Utbyggaren fekk førehandsgodkjent lån frå Husbanken for å sikre høg bustadkvalitet.
Lenke
Film om Dalaneset frå KS og Husbanken
Tips til andre
- Godt samarbeid mellom kommunen, utbyggaren og Husbanken frå starten er avgjerande for eit vellukka prosjekt.
- Unngå omprosjektering og andre tilleggskostnader som kan fordyre prosjektet.
- Gode moglegheitsstudium og skisser er viktige for å få godkjenning frå myndigheitene, spesielt i sjønære prosjekt.