Bakgrunn
Roan gamleheim frå 1951 med 15 plassar var i generelt dårleg forfatning, med blant anna setningsskadar i grunnen. Sjølv om bygget var modent for å rivast, fekk inventar, møbel, hjelpemiddel og diverse forbruksmateriell nytt liv i Litauen og Latvia gjennom foreininga Baltikums venner. 1. januar 2020 blei Roan innlemma i Åfjord kommune, og behovet for sjukeheimsplassar på nye Roan sjukeheim blei endra.
Resultat
-
17 pasientrom fordelt på to avdelingar i første etasje med daglegstove, etesal og sansehage
- Legekontor, helsestasjon, fysioterapi, bibliotek, NAV (mellombels) og servicefunksjonar i andre etasje
- Samlokaliseringa med heimetenesta og sjukeheimen gjer at kommunen kan yte tenestene sine meir effektivt og fleksibelt
- Den lyse innreiinga blir prega av ei varm stemning med varierte fargar, mykje treverk, gamle bilde og god plass
- Komfortabelt inneklima med balansert ventilasjon og golvvarme, levert med fornybar energi frå bergvarmepumpe og energibrønnar
Mål og målgruppe
Kommunen hadde behov for å erstatte gamleheimen med ein ny sjukeheim og samtidig samle ulike helsetenester saman med enkelte servicefunksjonar for innbyggarane i kommunen. Den primære målgruppa for sjukeheimen var pleietrengande eldre fordelt på 15 langtidsplassar og to korttidsplassar.
Beskriving av prosessen
Prosessen gjekk i det store og heile «etter boka», i samarbeid med Husbanken og dei andre aktørane. Gamle Roan kommune sette i gong før kommunesamanslåinga. Eit framleis godt sjukeheimstilbod i nye lokale i Roan var ein viktig premiss for at Roan skulle gå inn ein ny og større kommune. Etter at Roan starta opp prosjektet i eigen regi, blei prosjektet overteke og fullført av den samanslåtte kommunen. Prosjektstyringa gjekk føre seg gjennom ein felles byggekomité med representantar frå kommunane Roan og Åfjord.
Brukarmedverknad
Leiarar, tillitsvalde, tilsette ved sjukeheimen, fysioterapeut og lege har vore involvert i prosessen undervegs, for å gjere bygget funksjonelt og i tråd med lover og forskrifter.
Finansiering
Kostnadene for sjukeheimsplassane på totalt 133 millionar kroner blei finansiert med 31 millionar kroner i investeringstilskot fra Husbanken. Dette utgjer over 1,8 millionar per sjukeheimsplass. Resten blei finansiert med lån.
Tips til andre
-
Tenk langsiktig i val av løysingar.
- Bruk god tid i planlegginga, det gir kortare byggetid.
- Brukarinvolvering, forankring og eigarskap er avgjerande uansett fase.
- Det kan aldri informerast nok, verken i planlegging eller i byggefasen.
Lenker
Har du tilgang til lokalavisa Fosna-folket? Då kan du
lese den fyldige omtalen av senteret publisert i februar 2021.