Tilskot til heis

Bur du i ein bustadeigedom som består av tre etasjar eller meir utan heis?
Da kan Husbankens tilskot til heis vere ei løysing for å prosjektere, berekne kostnadar og installere heis.

Søknadsfrist er 15. juni.

Eigarar av ekisterande bustadeigedomar med minst tre etasjar kan søkje om tilskot til å prosjektere og installere heis. Husbanken krev at det ligg føre eit positivt vedtak om prosjektering og/eller installering av heis frå generalforsamlinga i burettslag og sameigar. Vedtaket må vere fatta allereie på søknadstidspunktet. Vedtaket skal ligge ved søknaden.
  1. Tilskot kan bli gitt til konsulenthjelp til å prosjektere og utarbeide kostnadsoverslag til heis.
  2. Tilskot kan bli gitt til å installere heis. 
  1. Du har eit framtidig heisprosjekt som du skal prosjektere.
  2. Kor mange leilegheiter som heisen vil kunne betjene.
  3. I kor stor grad det er tilrettelagt for rullestol i heis og bygning. 
  4. Mogelegheiter for å tilpasse leilegheiter til menneske med nedsett funksjonsevne.
  • skifte ut eksisterande heisar
  • prosjekt som er igangsett før tilsegn er gitt
  • prosjekt der det ikkje er trinnfri tilkomst til heis og til inngang til leilegheitene
  • løfteinnretningar som vert styrt med ein knapp ein må halde inne
  • burettslag eller sameige utan positivt vedtak frå generalforsamlinga

Søknadsskjema og rettleiar