Tilskot til bustadsosiale tiltak

Tilskotet skal stimulere til kunnskapsutvikling, innovasjon og nytenking om bustadsosialt arbeid og bustadsosial politikk.

Tilskotet skal bidra til å førebygge at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, og bidra til at dei kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad.

Husbanken prioriterer prosjekt og tiltak som utviklar nye metodar, konsept og løysingar som kan takast i bruk av fleire.

I 2021 vil Husbanken særleg vurdere søknader som viser

  • forsøk med nye butilbod for bustadslause
  • samordning på bustad- og tenesteområdet
  • nye konsept for bustadrådgjeving som fører til at fleire vanskelegstilte får eige bustad
  • nye former for brukarmedverknad i utviklinga av bustad- og tenesteområdet

I tillegg vil Husbanken vurdere søknader om midlar til utvikling av digitale løysingar som utnyttar data og tenester fra prosjektet Kobo (digitalt system for kommunale utleigebustader). Meir informasjon om prosjekt Kobo

Husbanken vil ikkje prioritere reine FoU-prosjekt.

Frist for å søkje er 8. januar 2021.

Husbanken inviterer til digital konferanse for søkjarar 25. november 2020.

Vi tek atterhald om Stortingets budsjettvedtak.

  • Frivillige, private og offentege aktørar som forsknings- og utdanningsinstitusjonar.
  • Leigetakarorganisasjonar som søkjer om støtte til drift. 
  • Kommunar som startar særlig nyskapande prosjekt med høg overføringsverdi til andre kommunar.

Vi føreset at tilskotsmottakarane samarbeider med Husbanken og/eller kommunen på det bustadsosiale området, og at prosjekta blir avslutta samme år som tilskotet blir gitt. 

Erfaringar og resultat frå prosjekta skal være tilgjengelege og gratis for alle og skal dokumenterast på en slik måte at det kan blir formidla, blant anna gjennom veiviseren.no.

Frist for å søkje er 8. januar 2021. 

Fyll ut: 
Søknad om tilskudd til boligsosiale tiltak, bokmål  (PDF)
Søknad om tilskot til bustadsosiale tiltak, nynorsk (PDF)

Send søknaden til post@husbanken.no, eventuelt per post til Husbanken, Postboks 1404, 8002 Bodø.

Ved søknad om utbetaling, må de gjere greie for om tiltaket er gjennomført i samsvar med tilsegnsbrevet. 

Søknadskjema:
Søknad om utbetaling av kompetansetilskudd, bokmål (PDF)
Søknad om utbetaling av kompetansetilskot, nynorsk (PDF)

I tilsegnsbrevet har de fått oppgitt fristen for å sende inn søknad om utbetaling av tilskotet.

Tilskotet må utbetalast i same kalenderår som det er innvilga.

Husbanken fastset storleiken på tilskotet etter ei heilskapleg vurdering, basert på kostnader og mogelegheiter for annan finansiering. Vi kan krevje at søkarane bidrar med eigeninnsats, eigenkapital, personalressursar, lokale og liknande.

Kontakt Husbanken på telefon 22 96 16 00 eller per e-post til post@husbanken.no om du har spørsmål om tilskotet.  

Lenker til rettleiar, forskrift, retningslinjer og gode eksempel/erfaringar