Veileder i regelverk for bostøtte

Opplysninger om inntekt og formue

Inntekta og formuen til alle i husstanden med unnatak av barn under 18 år blir lagt til grunn ved fastsetting av den omrekna inntekta som er grunnlaget for utrekninga av eigendelen, jf. § 4.

Inntekta som blir nytta for utrekning av bustøtte blir henta inn frå Skatteetaten kvar månad på bakgrunn av tal frå a-ordninga, jf. lov av 22. juni 2012 nr. 43 om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold m.m.

I tillegg må søkjaren gje opplysningar om skattbar inntekt og formue som ikkje blir henta inn frå a-ordninga, som til dømes næringsinntekter, kapitalinntekter og formue for heile året. Om ikkje søkjar gjev slike opplysningar, kan Husbanken stipulere tal på grunnlag av siste fastsetting av formues- og inntektsskatt (eventuelt etter korrigering frå skattekontoret, jf. lov 27. mai 2016 nr. 14 om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven) kapittel 12). Slike inntekter skal reknast som likt fordelt gjennom heile året, med mindre særlege omstende gjev grunnlag for unnatak.

Husbanken kan sjå bort i frå opplysningar etter a-ordninga, dersom dei openbert ikkje er korrekte.

Skattefrie leigeinntekter skal reknast som inntekt.

All inntekt og formue i eller frå utlandet blir rekna med brutto beløp i norske kroner.

Kvar person i husstanden kan ha ei kapitalinntekt på 6 205 kroner per år utan at inntekta blir teke med i grunnlaget for bustøtte.

Dersom søkjaren kan dokumentere at det er teke refusjon i etterbetaling frå NAV skal refusjonen ikkje reknast med i grunnlaget for bustøtte.

(Forskrift om bustøtte§ 5)