Bumiljøet si betydning for livskvalitet

Ein eigna bustad i eit godt bumiljø er eit fundament for helse og livskvalitet. Kommunane bør bruke verkemidla sine for å legge til rette, for at alle innbyggarane kan bu slik at dei kan leve gode liv.

I Noreg er det eit mål at alle skal bu trygt og godt. Bustaden må vere tilpassa behova til den enkelte. Bustaden må òg vere plassert i eit bumiljø som gjer det mogleg for bebuaren å utvikle seg, kunne delta i samfunnet og ha eit sosialt liv.

Stabile og varierte bumiljø

For å få til dette er stabilitet viktig. Forhold som påverkar stabiliteten i eit bumiljø er befolkningssamansetting, kor mange som leiger, kva typar bustader som finst, kva fysiske og sosiale miljøfaktorar som er til stades og kor attraktivt området er. 

I område med eit variert bustadtilbod er det ofte enklare å byte bustad. Dermed kan ein bli buande i same område, sjølv om behova endrar seg gjennom livet – som når ein får barn, blir åleine eller får behov for tilrettelagd bustad. At sjølve bustaden er eigna for, eller kan tilpassast ulike livsfasar, vil òg bidra til at ein kan bli buande når livet endrar seg.

Variert bustadsamansetting gjer det mogleg for ulike befolkningsgrupper å busette seg i området.

Aldersvennleg er bra for alle

Eit bumiljø som gir moglegheit for deltaking og aktivitet, til dømes med tilgang på grønområde, er viktig for alle, og særleg for barn og eldre. Kvalitetar ved bustadene og nærmiljøet som gjer det godt å leve i for eldre, er òg godt for andre. God utebelysning, sitteplassar og godt vedlikehald er kanskje særleg viktig for eldre, men alle dreg nytte av det.

Å bu nært sosiale arenaer, tilgjengelege tilbod og tenester kan bidra til at innbyggarar, i alle fasar av livet, opplever at dei bur godt og høyrer til.

Korte avstandar til det ein treng i kvardagen gir reduserte transportbehov. I spreiddbygde område kan likevel gode transportmoglegheiter bidra til å gjere tilbod og tenester lettare tilgjengeleg.

Å utvikle eit aldersvennleg samfunn, kan derfor vere eit nyttig prinsipp i samfunnsutviklinga generelt. I åra framover vil mange distriktskommunar oppleve ein nedgang i folketalet og ei aldrande befolkning, mens byane og områda rundt vil kunne få sterk befolkningsvekst.

Utfordringar i distriktskommunar

Dei fleste distriktskommunane har «tynne bustadmarknader». Det vil seie lite omsetning, låge bustadprisar og lite nybygging. Når det er få eigna bustader i marknaden, kan det vere vanskeleg å halde på, og trekke til seg, innbyggarar og arbeidskraft. Låg tilgang på aldersvennlege bustader gjer det òg vanskelegare for eldre å bu lenger heime og utsette behovet for omsorgs- og sjukeheimsplass.

Det kan vere vanskeleg både å finne ein eigna bustad, og å få selt noverande bustad til ein pris som gjer det mogleg å kjøpe ein ny. Byggekostnadene er ofte høgare enn bustadverdien, noko som gjer nybygging lite attraktivt. Bustadmassen er også ofte einsarta, med mange usentralt plasserte einebustader. Til dømes kan eigna bustader for eldre ofte vere mangelvare.

I slike område er tilpassing av bustader eit ekstra viktig tiltak i bustadpolitikken.

Les meir om aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta

Utfordringar i byar

Fortetting kan gjere eit område meir attraktivt, men kan samtidig prise ut grupper med låg inntekt. Høge bustadprisar i pressområda kan gjere det vanskeleg for barnefamiliar og låginntektsgrupper å etablere seg, og det kan oppstå ei opphoping av dårlege levekår i enkelte område. Dette er uheldig for dei som ønsker å bu sentralt, og til hinder for å nå målet om ei sosialt berekraftig byutvikling, der det er rom for alle sosiale lag i befolkninga.

I Noreg eig dei fleste sin eigen bustad, men andelen varierer mellom ulike grupper av befolkninga. Det er til dømes ein lågare andel bustadeigarar blant familiar med låg inntekt, og i innvandrarbefolkninga, enn blant andre grupper. Leigetakarar flyttar oftare enn bustadeigarar, og mykje utleige reduserer stabiliteten i bumiljøa.

Høge bustadprisar i byar gjer at stadig fleire får problem med å etablere seg på bustadmarknaden. I større byar er det derfor vanlegare å leige bustad. Bustader til ein overkommeleg pris, og ei langsiktig bustadplanlegging, kan bidra til at også førstegongsetablerarar, barnefamiliar og personar med låg til middels inntekt, kan busette seg i byområde. 

Levekårsutfordringar har ein tendens til å hope seg opp i enkelte byområde. Mange barn veks opp i låginntektsfamiliar, der fleire bur trongt, leiger og har ustabile buforhold. Personar som leiger bustad, har oftare levekårsproblem og dårlegare buforhold enn personar som eig eigen bustad. Dette er problem som kan gå i arv til ein oppveksande generasjon.

Husbanken har derfor i mange år hatt særleg merksemd på barn når det gjeld bruk av dei økonomiske verkemidla. Vanskelegstilte barnefamiliar bør få hjelp til å eige eigen bustad dersom dei ikkje klarer det på eiga hand.

Her finn du NOU 2020:16: Levekår i byer - gode lokalsamfunn for alle - regjeringen.no

Les meir om ordninga leige til eige

Les meir om modellen eige først

Naboprotestar

Det er eit nasjonalt mål at så mange som mogleg skal bu i ordinære bumiljø og ha moglegheit til å leve sjølvstendige og aktive liv. Men når kommunar etablerer bustader i ordinære bumiljø for personar med utfordringar, opplever mange at nabolaget mobiliserer politikarar og media for å stoppe det. Motstanden er ofte sterk før etableringa.

Fenomenet er blitt kalla for NIMBY-effekten, eit akronym for Not in my backyard (Ikkje i bakgarden min).

Kommunar kan førebygge problema med å informere godt og sakleg i forkant, gå i dialog med naboane, ta bekymringane på alvor og ved å etablere gode rutinar for å handtere klagar, konfliktar og personvern.

Berekraft

I utviklinga av bustadområde er det òg nødvendig å ta omsyn til miljøutfordringane både i dag og framtida, som til dømes støy, luftureining, flaum, overvatn og ras.

Mange kommunar arbeider aktivt med FN sine berekraftsmål (regjeringen.no), og med utjamning av sosiale helseforskjellar. Auka livskvalitet og ei aldersvennleg samfunnsutvikling står høgt på agendaen. Måla med arbeidet på dei ulike områda kan overlappe kvarandre. Gode bustader og bumiljø kan bidra til å nå mål på fleire av desse områda.

I Noreg har SSB fått ansvaret for det nasjonale arbeidet med indikatorar for berekraftsmåla, og jobbar no med å utvikle lokalt relevante indikatorar. KS har samla nyttig informasjon som viser KS og kommunesektoren sitt arbeid med berekraftsmåla. Les meir om Berekraftsmåla på ks.no.

Her kan du lese om korleis Husbanken sine verkemidlar bidreg til å nå berekraftsmåla

Kommunen sine verkemidlar

Kommunen kan legge til rette for eigna bustader og helsefremjande bumiljø gjennom rolla si som tomteeigar og tenesteytar, og gjennom ei overordna og langsiktig samfunns- og arealplanlegging. Samfunnstrendar som urbanisering, større skilnadar i befolkninga og fleire eldre, gjer det viktigare å planlegge for bustader til alle i åra framover. Eit viktig utgangspunkt for planlegginga vil vere å skaffe oversikt over befolkningssamansetting, bustadsamansetting og ein bustadmarknad som kan møte alle innbyggarane sine bustadbehov. Les meir om å ta bustadsosiale omsyn i planlegging

Som nemnt, vil det for mange vere utfordrande å skaffe og behalde ein eigna bustad på grunn av økonomiske forhold. Det finst ulike ordningar som kommunen kan formidle til innbyggarane sine. Personar som har låg inntekt og høge buutgifter kan ha krav på bustøtte. Vanskelegstilte på bustadmarknaden kan få startlån til å kjøpe, tilpasse eller refinansiere bustad. Slike ordningar kan bidra til at til dømes ein barnefamilie kan få ein stabil og trygg bustad, eller at ein person med nedsett funksjonsevne får moglegheit til å tilpasse bustaden sin. I tillegg kan kommunen tilby bustadtilskot for privatpersonar

Les om korleis kommunen også kan drive bustadrådgiving