Verktøy

Nyttige verktøy innan universell utforming.

«Universell utforming i plansaksbehandling». Det er normalt ikkje noko reelt motsetningsforhold mellom funksjonshemma og andre brukarar. Dei fleste menneskjer vil oppleve å vere funksjonshemma i kortare eller lengre periode i livet. Universell utforming vil derfor i stor grad medføre fordeler for alle brukargrupper.  Her finn du rutinar og sjekklister for å kunne ta hand om universell utforming ved utarbeiding av planar i samsvar med Plan- og bygningsloven - Norsk Kommunalteknisk Forening. 

«Verktøykasse til bruk for offentlige innkjøpere».  Rettleiar  for å ivareta kravet til universell utforming ved offentlege anskaffingar - Hordaland fylkeskommune og kommunane Bergen, Time og Klepp.

«Portal for geografisk informasjon». Statens kartverks tilgjengelighetsportal om universell utforming, knytt til tilgjengelegheit i bygningar og uteområde.

«Tilgjengelighet i Rogaland». Dette er nettstaden for deg som av ein eller annan grunn treng å vite noko om den fysiske utforming av eit område eller ein bygning i Rogaland. Her finn du informasjon om kor brei døra er, om det er trinnfri tilkomst, om lokalet har teleslynge, , leielinjer og mykje, mykje meir.