Verkemiddel

Her finn du oversikt over Husbankens verkemidlar for universell utforming.

Formidling av kompetanse og kunnskap

Husbanken skal medverke til effektiv formidling av kompetanse og kunnskap.

Sentrale verkemiddel

Samarbeidsavtalar

Husbanken inngår samarbeidsavtalar med andre offentlege aktørar, som hovudregel kommunar og andre statlege etatar. Føremålet er auka måloppnåing gjennom erfaringsutveksling, samarbeid og samordning av statlege mål, strategiar, handlingsplanar og verkemiddel.

Intensjonsavtalar

Husbanken inngår intensjonsavtalar med viktige aktørar innanfor byggebransjen både sentralt og regionalt. Hovudføremålet med intensjonsavtaler er å etablere eit effektivt samarbeid for å nå ambisiøse mål og for å skape framsynt planlegging for bransjen. Intensjonsavtalene er gjerne retta mot ambisiøse førebileteprosjekt, kompetanseheving og kompetansespreiing.  

Grunnlån

Husbankens grunnlån skal fremje universell utforming og gode miljøkvalitetar i nye og eksisterande bustader, finansiere bustader til vanskeligstilte og husstandar i etableringsfasen og sikre nødvendig bustadforsyning i distrikta.
Grunnlånet kan brukast til nye bustader, utbetring av bustader, til ombygging av bygningar til bustader og til kjøp av nye og brukte utleigebustader. Grunnlån kan òg bli gitt til barnehagar, studentbustader og andre lokale, som grendehus og felleslokale som er ein naturlig del av bumiljøet.

Tilskot til tilstandsvurdering og prosjektering/installering av heis

Burettslag, sameige og liknande kan få tilskot frå Husbanken til tilstandsvurdering (sjå rettleiar) og heilskapleg planlegging ved bustad- og miljøfornying. I tilstandsvurderinga skal det leggjast vekt på å auke talet på tilgjengelege og brukbare bustader og uteareal for alle bebuarar (universell utforming) og mogelegheit for miljøvennleg rehabilitering. Det blir òg lagt vekt på å greie ut gode estetiske løysingar.

To typar tilstandsvurdering:

  • Trinn I: Generell overordna vurdering som skal gjere greie for dei viktigaste, funksjonelle, miljømessige og tekniske tilhøva, og behov for utbetringar og endringar i åra som kjem.
  • Trinn II: Detaljert undersøking eller analyse av spesielle forhold som mogelegheit for universell utforming, miljø/ energitiltak og god byggeskikk.

Tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar

Investeringstilskotet  er ein del av Omsorg 2020 - Regjeringens plan for omsorgsfeltet 2015 - 2020. Det skal stimulere kommunane til å fornye og auke tilbodet av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader til personar som har behov for heildøgns helse- og sosialtenester uavhengig av alder, diagnose eller funksjonshemming. 
Rettleiar til søknadsprosessen og bruken av tilskotet

Tilskot til bustad-, by- og områdeutvikling

Tilskotet skal stimulere til igangsetting av tiltak som ikkje ville blitt igangsett utan dette tilskotet. Tiltaka som det kan søkjast om midlar til, må alle ha som føremål å utvikle gode bustader og bumiljø. Tilskotet er øyremerka Groruddalen i Oslo.

Tilskot til utleigebustader

Kommunar og andre juridiske personar kan søkje om tilskot til oppføring eller kjøp av utleiebustader til husstandar med svak økonomi. Tiltak for bustadlause skal prioriterast.

Bustadtilskot til enkeltpersonar

Storleiken på tilskotet blir gitt ut frå ein heilskapleg vurdering av behov og økonomisk støtte frå andre offentlege støtteordningar. 

Tilskot til utgreiing og prosjektering 
Tilskotet kan dekkje kostnader til fagleg bistand ved utgreiing og prosjektering når bustaden må tilpassast slik at personar med særlege behov skal kunne bu der. Meir informasjon finn du på baksida av søknadsskjema.

Tilskot til tilpassing 
Tilskotet skal medverke til å gjere bustaden tilgjengeleg for eldre og personar med nedsett funksjonsevne.

Tilskot til etablering 
Tilskotet skal medverke til at husstandar med svak økonomi skal få ein nøktern og godt eigna bustad.

Lenker til Husbankens regelverk, skjemaer og brosjyrar