Norsk lyspris 2016 er kåra

I Noreg har vi ein eigen lyspris. Den er belysningsbransjen sin fremste prisutdeling og skal synleggjere gode og innovative lysprosjekter. Lysprisen for 2016 blei delt ut på Lysets dag 9. november i Oslo. Det var heile ni nominerte prosjekter til prisen.

Lysprisen har tre prisklassar: beste innandørs-, beste utandørsprosjekt og open klasse. 

  • Biblo Tøyen Deichmanske bibliotek fekk lysprisen 2016 i open klasse.
  • The Well, for beste innandørsprosjekt (15 minutter frå Oslo).
  • Bankplassen Oslo, som er en gate i kvadraturen, fekk prisen for beste utandørsprosjekt. 

Husbanken var representert i juryen med arkitekt Tina Therese Larsen. Ho var særs nøgd med at biblioteket på Tøyen fekk prisen for open klasse. Tøyen er eit område der Husbanken og Oslo kommune samarbeider om eit områdeløft.


Tre jenter har funne sin favorittplass i Biblo Tøyen Deichmanske bibliotek.
Fotograf: Marco Heida.


Biblo Tøyen Deichmanske bibliotek. Fotograf: Marco Heida.

 

Du finn meir informasjon om lysprisvinnarane og juryen sin grunngjeving på Lyskultur si heimeside.

 FN og UNESCO var initiativtakarar til at 2015 blei det internasjonale året for lys
 "Lys" i all sin verknad, spelar ei nødvendig rolle i våre liv, og er ein av dei mest avgjerande vitskapane i vårt århundre. Berekraftig lysteknologi er livsviktig, og vi treng meir global medviten og felleskap for å takle framtidige utfordringar, til dømes i form av energiforbruk, utdanning, jordbruk og helse