Bustadtilpassing

Å tilpasse ein bustad kan vere komplisert og krev kompetanse på fleire ulike felt. Når ein person har behov for å tilretteleggje  bustaden sin er det fleire etatar som må på bana, både ved utgreiing av løysingar og seinare ved sjølve utbetringa.

Prosjekt bustadtilpassing starta opp i 2005 med føremål om å hjelpe eldre og funksjonshemma til ein betre tilpassa og funksjonell bustad. Prosjektet har fokus på samarbeidet mellom dei ulike aktørane og etatane som har ansvar for å sikra at dei som treng det, får tilrettelagt bustaden sin.

Prosjekt bustadtilpassing inkluderer alle kommunale aktørar, samt statlege aktørar som Husbanken og Hjelpemiddelsentralen. Denne sida inneheld informasjon om bustadtilpassing, relevante artiklar og lenker.