Aukande interesse for etterinstallering av heis

Husbanken har laga ein video, som dokumenterer den offisielle opninga av dei ferdige heisane i Årdal.

Sentrale i pilotprosjektet: F.v. Rigmor Svanberg, kommunalsjef i Årdal, Oddvar Rørtveit,  Husbanken og Greta Steinheim, leiar i Årdal Boligbyggelag har hatt eit godt samarbeid i prosjektet med etterinstallering av heis i Årdal. Foto: Husbanken.

Interessa for etterinstallering av heis i lågblokker er aukande. Etter at Husbanken  vest dokumenterte arbeidet med etterinstallering av heis i Årdal kommune i Sogn og Fjordane gjennom ein video hausten 2013, har den mellom anna blitt vist for burettslag på Sunndalsøra. Det var firmaet som byggjer og monterer heissjaktene, Ivar Bråthen Mekaniske A/S på Hamar, som nytta videoen.

Sjå video frå pilotprosjektet her.

- På Sunndalsøra er dei skikkeleg gira, fortel Helge Sverre Vold i Ivar Bråthen Mekaniske A/S. Her er dei midt inne i ein prosess fram mot eit mogleg vedtak om etterinstallering. Firmaet har også hatt møte med burettslag i Holmestrand og skal seinare vise videoen i Kongsvinger og Tønsberg.

Husbanken har laga ein video, som dokumenterer den offisielle opninga av dei ferdige heisane (trykk på bilete under for å sjå video).

Stadig fleire burettslag føljer etter

Kongsvinger og omegn boligbyggelag er i dialog med Husbanken om etterinnstallering av 15 utvendige heisar i Vennersberg 1 borettslag, og i Sandsli borettslag i Bergen skal det etterinstallerast heis på utsida av alle dei seks etasjar høge bustadblokkene.

Eksempel på kartleggingsskjema - utarbeidet i pilotprosjektet Heis i Årdal