Etterinstallering av heis

Etterinstallering av heis i blokker er ei god investering for å gje bustadar som tidlegare har hatt dårleg tilkomst trinnfri tilkomst frå parkering til leilegheit. Dette er ei god investering i livskvalitet, om ein sitter i rullestol, er dårleg til beins eller om ein har barnevogn.

Tilskot til heis legg til rette for at burettslag, sameiger og liknande kan etterinstallere heis. Gode prosjekt får fullfinansiering gjennom Husbanken ved hjelp av tilskot og grunnlån, med gunstige vilkår. Husbanken gjev tilskot til prosjektering av heis og til etterinstallering av heis med inntil 50 prosent av total kostnad.