Universell utforming i gamle bygg

Universell utforming innan kulturminnevern og eksisterande bygg var tema på frukostmøte i Bergen i desember. Sidan dette var årets siste frukostmøte, i regi av Fremtidens byer, blei deltakarane overraska med peparkaker utforma som hus.

Elevar Sandsli VGS stod for baksten, etter oppdrag frå Husbanken, som denne gongen hadde ansvar for arrangementet.

Avdelingsdirektør Solveig Paule, Husbanken vest deler ut peparkaker til deltakarane. Foto: Husbanken.

 

Universell utforming og kulturminnevern
Bergen er ein historisk by, med mange flotte, gamle bygg og fortidsminner. Men i tillegg til å romme historie, har bygningane  ein funksjon i dagens samfunn. Her er det store utfordringar med er å gjere gamle  bygningar og fortidsminna tilgjengeleg for alle. Einar Lund, seniorrådgjevar i Miljøverndepartementet og Arve J. Nilsen, rådgjevar hos Byantikvaren i Bergen var inviterte til å halde innlegg kring tema.

Finne gode og heilskapelege løysingar - som inkluderer brukaren
Einar Lund viste til eit massivt lovgrunnlag og utfordringar med å bruke og setje seg inn i regelverket. Han poengterte kor viktig der er å få til gode løysingar, og at  kommunane, som har ansvar for arealplanlegginga, omsyn til brukaren og til den sosiale infrastrukturen for å få til dette, men passe på og ikkje øydeleggje identiteten til byggverka.

Einar Lund. Foto: Husbanken.
- Å byggje universelt utforma bustader og andre bygg,  utan tanke på infrastruktur og nærleik til sentra,  førar til eit sosialt handicap, sa Lund, og streka under på korleis fysiske omgjevnader kan skapa barrierar for bruk.

 

Lund peika og på terminologien og korleis vi i daglegtale kan tenkje meir heilskapleg og sjå på universell utforming som , og ikkje tilpassing for nokre utvalte grupper. I staden for  å skrive «rullestolinngang» på skilt for funksjonshemma, kan en til dømes skrive «trinnfri tilkomst».

Brukarmedverking og dialog
Rådgjevar hos Byantikvaren i Bergen, Arve J. Nilsen stod for dagens andre innlegg. Arve brukar elektrisk rullestol, og framheva nettopp dei gode løysingane, og at dei blir til gjennom dialog mellom brukarorganisasjonar og planleggjarar. 

Verdiskapande løysingar. Korleis få dette til?
 - Tanken skal ikkje vere at nokon skal gjerne noko for oss, men saman med oss, sa Nilsen. - Fleire kulturminne kan gjerast tilgjengeleg, samtidig som omsyn til vern blir ivareteke. Installasjonar og tiltak som vert utført som gjennomtenkte tilføyingar gjer at endringane blir ein del av ei framtidig oppleving av kulturminnet, og øydelegg ikkje verdiar og spor som gjer kulturminnet verdifullt i dag.

Nilsen framheva at det er viktig at tilføyingane i tillegg til å vere fysisk tilgjengeleg, er «lesbare» med gode kontrastar som gjer det enkelt å orientere seg.

I sin presentasjon viste han fleire lokale eksempel på korleis ein kan flette saman tilgjenge og arkitektur utan at det går på kostnad av kvarandre.

Ny hovudinngang ved Bergen Tinghus
- Nye tilpassingar skal ikkje gøymast bort,  men saman med det eksisterande skape meirverdi og tilføre omgivnadene noko meir, framheva Nilsen. Som døme dette, viste han  teikningane til ei ny alternativ hovudinngang i Bergen Tinghus.

 
 

Bergen Tinghus: Meininga er ikkje at den nye alternative hovudinngangen til Tinghuset skal sjå ut som om det alltid har vore der. Tilpassinga skal stå i samspel med det eksisterande, men vere lesbar og synleg. Foto. Byantikvaren. Teikninga av ny, alternative hovudinngang: Rambøll Norge AS (Torstein Skauge og Pau Llobet-Buscato).