Førde: Informasjonsmøte om bustadtilpassing

Start: 01. november 2017 16:00
Slutt: 01. november 2017 20:15
Sted: Førdehuset, Angedalsveien 5, 6800 Førde
Pris: Gratis
Påmeldingsfrist: 25. oktober 2017 23:59

Vi nordmenn er i verdstoppen når det gjeld oppussing. Men tenkjer vi på tilgjengelegheit for å kunne bli buande lenger heime? Får vi full effekt av dei 70 milliardane vi pussar opp for kvart år?

Onsdag 1. november får du sjansen til å høyre meir om korleis du kan tilretteleggje bustaden din når du pussar opp, og korleis oppussinga aukar verdien på bustaden. Då inviterer Husbanken og Nav Hjelpemiddelsentral til opent møte om bustadtilpassing i Førde sentrum.

Vi startar kl. 16.00 med å servere suppe og brød til deg som kjem rett frå jobb. Husbanken og NAV Hjelpemiddelsentral vil vere tilgjengelege for ein uformell prat, meir informasjon og svare på spørsmål.

Program

  • 16:00 Velkommen
  • 16:40 Universell utforming: Tilgjengeleg, funksjonell og estetisk bustad
    v/ Tina Therese Larsen, sivilarkitekt og seniorrådgivar i Husbanken vest
  • 17:40 Vert marknadsverdien på bustaden påverka av tilrettelegging og tilgjengelegheit?
    v/ Pål Anders Kårstad, dagleg leiar/eiendomsmeklar i Sparebanken Sogn og Fjordane
  • 18:10 Kaffi og noko å bite i
  • 18:30 Husbankens låne- og tilskotsordningar til oppgradering av bustaden
    v/ representantar frå Husbanken vest
  • 19:00 Nyttige tips for ein enklare kvardag
    v/ Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane
  • 19:30 Speed-Dating: Vil du snakke med nokon av oss frå Hjelpemiddelsentralen eller Husbanken? Vi svarer på spørsmål, ta gjerne med teikningar.
  • 20:15 Vel heim

Detaljert program (pdf)

Påmelding

Sjå lenke for påmelding over. Du kan òg ringe direkte til Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane på telefon 57 01 62 70 og melde deg på direkte.

Påmeldingsfrist er 25. oktober 2017. Avgrensa med plassar.

Kontaktpersoner 

Monica Ketelsen, Husbanken, telefon: 55 30 66 45

Anne-Cathrine Neslein, NAV Hjelpemiddelsentral, telefon: 57 01 63 06