Omgrepsforklaring

Her finn du viktige omgrep innan universell utforming.

Rørslehemma

Personar som får redusert rørslemogelegheiter på grunn av manglande tilgjenge og brukbarhet i omgivnadene. Nedsett funksjonsevne kan skuldast nedsett rørsle, hjerte- og lungelidingar o.a.

Bustad forberedt for universell utforming

Bustad der tilkomst og inngangsparti/entré, stue, kjøkken, minst eitt bad/toalett/vaskerom og uteområde er universelt utforma. For dei andre bustadfunksjonane skal universell utforming kunne etablerast.

Design for all(e)

Blir brukt i Noreg på universell utforming avgrensa til produkt og produktutvikling. I Skandinavia òg på engelsk 'Design for all(e)' som synonymt med universell utforming.

Funksjonshemning

Når det ligg føre eit gap mellom individet sine føresetnader og omgjevnadene sin utforming eller krav til funksjon. Dette er gjort nærare grei for i Stortingsmelding nr 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmande barrierar.

Funksjonsnedsetting ()

Nedsett funksjonsevne som følgje av tap av, skade på eller avvik i ein kroppsdel eller i ein av kroppen sine psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjoner.

Hjelpemidlar

Hjelpemidlar kan nyttast der universell utforming ikkje er tilstrekkeleg, eller der universell utforming ikkje er anvendt i utforming av eit miljø. Hjelpemidlar kan vere tilpassa og godkjent for enkeltpersonar, som eksempel kan nemnast rullestolar og høyreapparat. Hjelpemidlar kan vere ein del av eit offentleg miljø, som til dømes løfteplattformer og teleslynger.

Problem med merksemd og konsentrasjon, hukommelse, omarbeiding av sanseinntrykk, forstå språk og kommunikasjon, planlegge og utføre handlingar, tenke raskt og komplisert og endringar i åtferd og karakter. er ein skjult funksjonshemming.

Markert linje (f.eks. annan farge, materiale og/eller overflate) i golv, på veg eller langs vegg og som kan angi retning eller varsel om fare.

Livsløpsbustad

Bustad der tilkomst og alle nødvendige bustadfunksjonar på inngangsplanet er universelt utforma.

Miljøhemmingar ()

Omfattar personar som er særs følsam for luft og materiale, til dømes astmatikarar, allergikarar og personar med andre former for nedsett immunforsvar.

Nedsett funksjonsevne

Det same som funksjonsnedsetjing

Orienteringshemming ()

Ein person som har problem med å orientere seg i det fysiske miljøet når dette ikkje er tilrettelagt (f.eks. ved hjelp av lys, farge, kontrastar og materialbruk, akustikk eller skilting). Årsak til nedsett orienteringsevne kan vere sansetap (f.eks. synshemming, høyrselshemming), utviklingshemming eller former for lesevanskar

Standard

Ein standard beskriv viktige sider av ei vare, tenester eller ein arbeidsprosess. Standardane er utarbeidd etter initiativ frå interessegrupper som ønskjer felles retningslinjer, i samarbeid med Standard Norge. Ein standard er frivillig å bruke, med mindre myndigheita krev det, til dømes Teknisk forskrift. Det kan òg vere bestemt i avtale. Når ien bustad skal byggast, er det svært mange standardar som nyttast. Frå  dåarkitekten teiknar huset til det er innflyttingsklart. Standardar gir hjelp og føresegn om alt frå kontraktar til dimensjonar og storleik på material. Dei er med på å sette kvalitetskrav og gir blant anna føresegn når det gjelder lydisolasjon og brannvern.

Stigninga på veg, tilkomst, rampe o.l. som eit forholdstal mellom vertikal høgde og lengde (1:20; dvs. 1 m. vertikal stigning for kvar 20 m lengde av veg, rampe, o.l.).

Tilgjenge

Eigenskap ved den fysiske utforming av bygningar, transportmidlar, utemiljø som sikrar menneske med nedsett funksjonsevne tilkomst og bruk ved eigen hjelp.

Universell utforming

Universell utforming er utforming av produkt og omgivnader på ein slik måte at dei kan nyttast av alle menneske, i så stor utstrekning som mogeleg, utan behov for tilpassing og spesiell utforming.

Universelt utforma bueining

Bustad der tilkomst og alle bustadfunksjonar er universelt utforma. Med bustadfunksjonar meiner vi: inngangsparti/entré, stue, kjøkken, alle soverom, minst eitt bad/toalett/vaskerom samt oppbevaringsplassar og uteområde - i tillegg reknast alle fellesareal.