Nytt om tilskot til utleigebustader frå 2019
Tilskotet for utleigebustader er generelt auka med 15 prosent. Frå 2019 kan kommunane berre søke tilskot digitalt, og det er ingen søknadsfrist.
Ny kommunegruppe og endringar i satsar
Tilskotet for utleigebustader er generelt auka med 15 prosent. Det er òg oppretta ei ekstra kommunegruppe (
sjå tabellen). I tillegg er nokre kommunar flytta til andre kommunegrupper. Etter desse endringane vil satsane for den enkelte kommune derfor kunne variere noko.
Søknad og saksgang
Det er ingen søknadsfrist. Søknader kan sendast inn fortløpande. Programkommunane får eigen ramme. Denne ramma kan dei disponere fram til 1. oktober. Resterande midlar blir fordelt til andre kommunar som har behov.
Digitalt søknadsskjema
Frå 2019 kan kommunane berre søke tilskot digitalt via ID-porten. Dette sikrar at personen som er logga på, har fullmakt til å representere kommunen.
Søknadsfrist på eitt år
Ved kjøp av utleigebustader er fristen for å søke tilskot sett til eitt år frå overtaking av bustaden.
Sist oppdatert:
24.01.2019