Tilskot til tilstandsvurdering

Treng burettslaget ditt oppgradering? Vi har framleis ledige middel! Burettslag, sameige og liknande, med seks eller fleire bustader, kan søkje om tilskot til tilstandsvurdering av eigedomen sin. Vurderinga skal sjå på behov for vedlikehald og mogelegheit for oppgradering til dagens standard

Kva vert det gitt tilskot til?

• Berre burettslag og sameige

• 50% av dokumenterte kostnader

• Typiske tilskot 30 000 – 100 000 kr

• Ingen søknadsfrist, rask behandling av søknader

• Eit års frist for gjennomføring frå tilsagnsdato

Om lag 60 prosent, eller 1 450 000 av bustadene i Noreg er over 30 år og eldre. Dei er bygd i ei tid då krava til universell utforming og energi og miljø var mykje lågare enn i dag. Dette betyr at det i den eksisterande bustadmassen er eit stort potensial for oppgradering. Eksempelvis er berre i underkant av ti prosent av bustadene i Noreg tilgjengelege for rullestolbrukarar.

Kven kan søkje?

Tilskot til tilstandsvurdering kan søkjast av burettslag, bustadsameiger og liknande som omfattar minst seks bustader.

Korleis søkje?

Søknad skal sendast på søknadsblankett HB 8.S.04. (som du finn på begge målføre i menyen til høgre).

Søknad skal sendast til:
Husbanken
Postboks 1404
8002 Bodø

Søknad kan også sendes elektronisk til post@husbanken.no.

Søknaden skal underskrivast av heimelshavar eller den som har fullmakt til å opptre på vegne av heimelshavar.

Utbetaling av tilskot

Søknad om utbetaling av tilskot skal sendast i brevform. Oppstilling av faktiske dokumenterte kostnadar og kopi av rapportane som er utarbeidd, skal leggjast ved.

Grunnlån til oppgradering

Husbanken kan gje lån til gjennomføring av tiltak som vert avdekt under tilstandsvurderinga og som er i samsvar med låneføresetnadane for grunnlån til oppgradering. Les meir om dette i rettleiar HB 7.B.16. Oppgradering av bolig med grunnlån fra Husbanken.

Her er eit nytt informasjonsark om oppgradering av grunnlån