Tilskot til studentbustader

Tilskotet skal sikre etablering av bustader for studentar ved høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg. Dette skal bidra til ein meir forutsigbar og rimeleg busituasjon for studentar, og vere eit supplement til den private bustadmarknaden.

Det kan bli gitt tilskot til

  • oppføring av studentbustader
  • kjøp og ombygging av eksisterande bygningsmasse til studentbustader,
  • i særlege tilfelle rehabilitering av eksisterande studentbustader

Med eksisterande studentbustader meiner vi alle bygg/bustader som er/ har vore brukt som studentbustader, uavhengig av om dei har fått tilskot eller ikkje.

Korleis søke?
Kunnskapsdepartementet sender ut brev til studentsamskipnadene og studentbustadstiftelsane, der dei blir inviterte til å søke om tilskot til bygging av studentbustader. Invitasjonen går som regel ut få dager etter at regjeringa har fremja sitt budsjettforslag.

Fristen for å søke er ca. 1 månad etter at invitasjonen er teken imot.

Søknad sendast til Kunnskapsdepartementet med kopi til Husbanken.

Tildeling av tilskot
Tilskotsmidlar til bygging av studentbustader blir fordelt årleg av Kunnskapsdepartementet. Tal på gitte tilsegn avheng av storleiken på tilsegnsramma i den enkelte budsjettermin. Kriteria for fordeling av tilsegn er bl.a.

  • dekningsgraden for studentbustader på studiestaden
  • situasjonen på den private hybelmarknaden
  • tal på utenlandsstudentar og tilflytta studentar ved studiestaden
  • andre særskilte faktorar knytt til studiestaden

Det blir dessutan vektlagt å følgje opp og fullføre allereie oppstarta prosjekt.

Husbanken står for vidare saksbehandling av søknadene.

Tildeling av tilskot til studentbustader 2019