Tilskot til tilstandsvurdering

Har burettslaget ditt behov for oppgradering? Burettslag, sameige og liknande, med seks eller fleire bustadar, kan søkje om tilskot til tilstandsvurdering av  eigedomen sin. Vurderinga skal sjå på behov for vedlikehald og mogelegheit for oppgradering til dagens standard.

Om lag 60 prosent, eller 1 450 000 av bustadane i Noreg er over 30 år og eldre. Dei er bygd i ei tid då krava til universell utforming og energi og miljø var mykje lågare enn i dag. Dette betyr at det i den eksisterande bustadmassen er eit stort potensial for oppgradering. Eksempelvis er berre i underkant av ti prosent av bustadane i Noreg tilgjengelege for rullestolbrukarar.

Kva vert det gitt tilskot til?

  • Kartlegging av den universelle utforminga av eigedomen, spesielt uteområda. Er det for eksempel mogleg å kome inn med rullestol? Korleis er det for dei som har redusert syn å finne fram?
  • Analyse av bygget sin stand. Er for eksempel ytterveggane trekkfulle og er det behov for tjukkare isolasjon og nye vindauger?

Kartlegginga og analyse skal kunne gje anbefalingar både som strakstiltak og ein plan for framtidige oppgraderingstiltak.

Kor stort tilskot kan gis?

Det kan gis tilskot på inntil 50 prosent av dokumenterte og godkjende kostnadar.

For utfyllande informasjon les i rettleiaren. Du finn den i menyen til høgre.

Kven kan søkje?

Tilskot til tilstandsvurdering kan søkjast av burettslag, bustadsameiger og liknande som omfattar minst seks bustadar.

Korleis søkje?

Søknad skal sendast på søknadsblankett HB 8.S.04. (som du finn på begge målføre i menyen til høgre).

Søknad skal sendast til:
Husbanken
Postboks 1404
8002 Bodø

Søknad kan også sendes elektronisk til soknad@husbanken.no.

Søknaden skal underskrivast av heimelshavar eller den som har fullmakt til å opptre på vegne av heimelshavar.

Utbetaling av tilskot

Søknad om utbetaling av tilskot skal sendast i brevform. Oppstilling av faktiske dokumenterte kostnadar og kopi av rapportane som er utarbeidd, skal leggjast ved.

Grunnlån til oppgradering

Husbanken kan gje lån til gjennomføring av tiltak som vert avdekt under tilstandsvurderinga og som er i samsvar med låneføresetnadane for grunnlån til oppgradering. Les meir om dette i rettleiar HB 7.B.16. Oppgradering av bolig med grunnlån fra Husbanken.