Rentekompensasjon - kyrkjebygg

Rentekompensasjon skal stimulere til sikring og bevaring av kyrkjene, kyrkja si utsmykking og inventar.

Ordninga med rentekompensasjon gjeld kyrkjelydar i Den norske kirke, slik dei er definerte etter kyrkjelova § 17. Døvekyrkjer i Den norske kyrkje er omfatta av ordninga.  Freda eller verneverdige kyrkjer har høg prioritet.

Kven kan søke?
Kommunen eller kyrkjeeigar kan søke om rentekompensasjon. Det er dei kyrkjelege fellesråda, ev. kyrkjelydsrådet i «ett-sognskommuner», som søkjer på vegne av kyrkjeeigar.

  • Dersom søkaren er kommunen, skal kyrkjeeigar stadfeste søknaden.
  • Dersom søkaren er kyrkjeeigar, skal kommunen stadfeste søknaden.

Kva kan du søke stønad til
Du kan søke rentekompensasjon til prosjekt som er fullført etter 01.01.2019. Investeringane skal ha ei levetid på minst 10 år. I tillegg kan de få rentekompensasjon ved istandsetting og restaurering av kyrkjeinventar og utsmykking med antikvarisk verdi.

Kostnadane må vere på minst 100 000 kr.

De har ikkje rett på stønad til vanleg vedlikehald

Eksempel på tiltak som er omfatta av ordninga

  • reparasjon av fundament, grunnmur, dreneringsarbeid o.l.
  • restaurering og istandsetjing av golv, veggar, vindauge, tårn, tak o.l.
  • innvendig og utvendig overflatebehandling av veggar, vindauge og tak når dette grunnar i ein ekstraordinær vedlikehaldsinnsats
  • utskifting av takrenner og nedløp
  • tiltak for brann-og tjuverisikring
  • tiltak for auka tilgjengelegheit og funksjonalitet for personar med nedsett funksjonsevne
  • utskifting eller omfattande rehabilitering av elektrisk anlegg og VVS
  • utskifting eller oppgradering av oppvarmingssystem og andre tiltak for betre og sikrare energibruk
  • vedlikehald som på grunn av antikvarisk verdi er spesielt kostnadskrevande
  • konservering, restaurering eller istandsetting av inventar og utsmykking
  • restaurering og istandsetting av inventar og utsmykking
  • felles varmestyringsanlegg o.l. for fleire kyrkjer

Andre tiltak av liknande karakter kan òg få rentekompensasjon.

Korleis søke?
Du søker på eigen søknadsblankett.

Søknaden sender du til: Husbanken, Postboks 1404, 8002 Bodø.

Utbetaling
Rentekompensasjon blir berre utbetalt til kommunar ved kommunekasseraren. Dersom andre enn kommunen har dekt utgiftene til prosjektet eller tiltaket, skal kommunen vidareformidle midlane til det organ som har dekt utgiftene.

Du søker om utbetaling på eige skjema. Kommunerevisor skal bekrefte dei oppgitte kostnadane.