Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg

Ordninga er avslutta 31.12.2016. Rentekompensasjon skal bidra til at kommunane og fylkeskommunane, over ein åtte-års periode, kan ta opp rentefrie lån på til saman 15 milliardar kroner til rehabilitering og nybygg av skular og symjeanlegg.

Kven kan søke?
Kommunar/fylkeskommunar kan søke.

Innanfor tildelt ramme kan òg kommunar og fylkeskommunar søke om rentekompensasjon til rehabiliteringsprosjekt på vegner av:

  • private grunn-og vidaregåande skular med rett til statstilskot
  • trusamfunn eller andre ideelle organisasjonar som leige ut lokale til private skular med rett til statstilskot

Kva kan du søke på?
Du kan søke om tilskot til prosjekt som blir ferdigstilt etter 01.01.2009. Aktuelle prosjekt som det blir søkt rentekompensasjon for, må vere vedteke av kommunestyret eller fylkestinget.

Tiltak som blir omfatta av ordninga:

  • undervisingsrom
  • personalrom
  • idrettshall/symjehall
  • andre bygg
  • ventilasjon
  • uteanlegg
  • utvendig vedlikehald

Korleis søke?
Søk elektronisk  (Husbankens ekstranett) 
Du kan òg søke på eigen søknadsblankett.
Ev. papirsøknad skal sendast Husbanken, Postboks 1404, 8002 Bodø.

Utbetaling 

Søk om utbetaling når prosjektet er ferdigstilt. For større prosjekt, som går over fleire år, er det òg mogeleg å søke om utbetaling for delar av eit ferdigstilt prosjekt. 

Søk om utbetaling elektronisk eller på eige skjema.  

Kommunane og fylkeskommunane avgjer sjølv om dei vil ta ut heile investeringsramma si på ein gong eller søke fleire gonger i løpet av 8-års perioden, men må halde seg innanfor si maksimale investeringsramme. Utbetaling skjer i desember kvart år.  

Dersom det totale beløpet som kommunane/fylkeskommunane søker om kompensasjon for, overskride den årlege totale investeringsramma/bevilling, kan Kommunal- og regionaldepartementet fastsetje reglar om prioritering av søknadane.