Tilskot til tilstandsvurdering 2018

Burettslag, sameiger og liknande med 6 eller fleire bustadar, kan søkje om tilskot til tilstandsvurdering. Tiltaka skal fremje tilgjenge og energieffektivitet i den eksisterande bustadmassen.

Føremålet med tilskotsordninga er å auke talet på bustadar med god tilgjengelegheit og lågt energibehov. For å oppnå dette skal det i tilstandsvurderinga gjennomførast ei kartlegging og analyse av bygget og eigedomen sin universelle utforming, tilstand og kvalitetar med tanke på energi og miljø. Denne kartlegginga skal danne grunnlaget for vurderinga av igangsetjinga av tiltak no, og ein plan for oppgradering av bygningsmassen etter kvart som den eldast.  

Kor mykje tilskot?

Tilskotets størrelse vil vere avhengig av størrelsen på burettslaget, sameiget eller liknande, bustadområdet og omfanget av vurdering som vert gjort. Tilskotet er avgrensa oppover til inntil 50 prosent av dokumentert kostnad. 

Søknad

Søknad skal sendast på søknadsblankett HB 8.S.04 

Søknad skal sendast til:
Husbanken
Postboks 1404
8002 Bodø

Søknaden skal underskrivast av heimelshavar eller forretningsførar/styret, som har fullmakt til å opptre på vegne av heimelshavar.

For ytterlegare informasjon, sjå rettleiar HB 8.F.5