Rettleiar for kommunar: Tilskot til utgreiing og prosjektering

Tilskot til utgreiing og prosjektering er frå 2020 ei ny oppgåve for kommunane.

Tilskot til utgreiing og prosjektering bidrar til å:

  • finne gode og varige løysingar tilpassa den enkelte sine behov ved nedsett funksjonsevne
  • finne gode løysingar til nøkterne kostnader
  • auke tilgjengelegheita i bustadmassen

Husbanken har utarbeidd rutinebeskriving for behandling av søknader når tilskota overførast til kommunane frå 2020.

Last ned (pdf): 
Rettleiar -  Tilskot til utgreiing og prosjektering - for saksbehandlar i kommunen.
Veileder - Tilskudd til utredning og prosjektering - for saksbehandler i kommunen

Tilskot kan givast til husstandar der enkeltpersonar har behov for tilpassa bustad. Tilskotet kan òg givast til eldre som treng  å tilpasse bustaden for å kunne bli buande heime ved eit framtidig behov for tilpassa bustad.

Tilskot til utgreiing kan nyttast til å kartleggje følgjande forhold:

  • Mogelegheit og avgrensingar i eksisterande bustad
  • Uteområde og tilkome
  • Tilgjengelegheit inne
  • Arealbehov
  • Innreiing og fungerande tilstand
  • Om brukar har økonomi til å finansiere tilpassinga sjølv, eller om det er behov for lån og/eller tilskot frå kommunen

Tilskot til prosjektering kan vere til dekning av kostnader til fagleg bistand til prosjektering, det vil si honorar til arkitekt eller annan fagkyndig.

Det er opp til kommunen å vurdere om tilskot skal givast og kor stor utmålinga av tilskotet skal vere.

  • Tilskota kan vere økonomisk behovsprøvd.
  • Tilskot til utgreiing og eventuelt prosjektering bør sjåast i samanheng med tilskot til tilpassing

Det er svært viktig at kommunane brukar handlingsrommet som finst i dei økonomiske verkemidla slik at sakene kan løysast på best mogeleg måte. Å søkje tilskot og lån, samt å gjennomføre ei tilpassing, kan for mange vere så krevjande at dei treng  hjelp frå kommunen, annan fagperson eller pårørande. Det er avgjerande at brukar får god og riktig informasjon på eit tidleg tidspunkt.

Søknad og saksgang

Husbanken har laga eit enkelt søknadsskjema for tilskota. I dei tilfella kommunen skal innvilge tilskot til tilpassing til å gjennomføre sjølve tiltaket, kan kostnadene til utgreiing og/eller prosjektering «bakast inn»  i sjølve tilpassingstilskotet. Tilskot til tilpassing behandlast i saksbehandlingverktøyet Startskudd.

Last ned: «Søknadskjema for tilskudd til utredning og prosjektering»

Tilskot til utgreiing og prosjektering skal utførast av fagkyndig(e).

Kommunane bør, gjennom sin kontakt med søkjar/brukar og sin kompetanse på bustadtilpassing, spele ei aktiv rolle i å avdekkje behov, gi råd om mogelege løysingar og gi mogeleg bistand til dei som treng hjelp og finansiering ved behov for tilrettelagt bustad. 

Kommunen kan bruke stor grad av skjøn i saksbehandlinga og ved sine vedtak i søknadene. Kommunen kan likevel ikkje behandle søkjarar ulikt, avgjersla er omfatta av saksbehandlingsreglane i forvaltningslova om enkeltvedtak og høve til å klage.

Ei undersøking og prosjektering på førehand av mogelege løysingar i ein bustad vil kunne betre kvaliteten på den fysiske tilpassinga og auke effekten ved tilskot til tilpassing.

Tilsegn er stadfesting på at tilskot er innvilga og skal innehalde tilskotssbeløp, kor lenge tilsegna er gyldig og føresetnadene for å få tilskotet utbetalt. 

Avslag sendast der søknad ikkje blir imøtekomen. Avslag er enkeltvedtak som skal grunngjevast og kan klagast på, jfr. Forvaltningslova § 28.

Eksempel på tilsegnsbrev og avslag: 

Kommunen sitt vedtak skal vere skriftleg og må innehalde opplysningar om høve til å klage på kommunale vedtak. Det kan klagast på tildeling, utmåling, avvising og avslag etter reglar i forvaltningslova. Klagen skal sendast kommunen.

Nyttig informasjon