Tilskot til heis

Husbanken kan gi tilskot til heis til eigarar av eksisterande bustadeigedomar med minst tre etasjar. Vi kan gi tilskot til konsulenthjelp til å prosjektere heis og kostnadsoverslag for installering av heis, samt tilskot til installering av heis.

Når Husbanken behandlar søknadar om tilskot til å prosjektere installering av heis, gjeld fylgjande prioriteringar:  

a. 
  Du har eit framtidig heisprosjekt som du skal prosjektere.
b.
  Tal på leilegheiter som heisen kan betjene.
c.
  Grad av tilrettelegging av heis og bygning for bruk av rullestol. 
d.   Mogelegheit for å tilpasse leilegheita til menneske med nedsett funksjonsevne.

Husbanken kan gi tilskot til:

  • konsulenthjelp til å prosjektere og kostnadsoverslag til heis (trinn I)
  • installere heis (trinn II) 

Vi kan gi tilskot til inntil 50 prosent av kostnadene til å prosjektere eller installere heis.

Husbanken gjev ikkje tilskot til:

  • å byte ut eksisterande heisar
  • prosjekt som er igangsett før tilsegn er gitt
  • prosjekt der det ikkje er trinnfri tilkomst til heis og til inngang til leilegheitene
  • løfteinnretningar som vart styrt med påhalden knapp

Kven kan søke?

Eigarar av eksisterande bustadeigedomar med minst tre etasjer kan søke om tilskot til å prosjektere og installere heis.