Tilskot til bustadsosiale tiltak

Tilskotsordninga skal bidra til kompetanseheving innanfor bustadsosialt arbeid, bustadsosial politikk, samt å utvikle og formidle kunnskap om bustadmarknaden og offentleg bustadpolitikk. Tilskotet skal vere med på å oppfylle målet om at vanskelegstilte på bustadmarknaden skal kunne skaffe seg og behalde ein eigna bustad.

  • Tilskotet er eit eittårig tilskot

Kven kan søke?

  • Frivillige aktørar, organisasjonar, stiftelsar, sosiale entreprenørar og andre som bidrar til

      • kunnskapsutvikling og -formidling om bustadmarknaden og offentleg bustadpolitikk
      • vidareutvikling av bustadsosial kunnskap og praksis

  •  Leigetakarorganisasjonar som på ulike måtar bidrar til å styrke leigetakaren sin rettssikkerheit og kunnskap om leigemarknaden kan søke om driftstilskot.

Søknad

Søkarar må nytte søknadsskjema HB 8.S.16 

Søknad skal sendast elektronisk til: post@husbanken.no, eller til: Husbanken, Postboks 1404, 8002 Bodø

Tilskotssutmåling

Husbanken fastset storleiken på tilskotet etter ei heilskapsvurdering basert blant anna på kostnader og mogelegheitene for anna finansiering. Vi kan krevje at søkar må bidra med eigeninnsats/eigenkapital, tilskot, personellressursar, lokalar o.l.

Tilskotsordninga må ein sjå i samanheng med «Bolig for velferd – nasjonal strategi for boligsosialt arbeid (2014-2020)» og tilskot frå Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet.

Kontakt Husbanken: 22 96 16 00