Om å velje fast eller flytande rente

Alle låntakarar kan velje mellom flytande og fast rente eller ei blanding av desse.

Flytande rente
Flytande rente endrar seg i høve til endringar i det generelle rentenivået. Renta kan endrast kvar 2 månad. Husbanken varslar om ny rentesats minst seks veker før endringa trår i kraft.

Fordelar med flytande rente:

  • Du får lågare rente dersom rentenivået går ned.
  • Du står friare til å endre betalingsplanen.
  • Du kan gå frå flytande til fast rente.

Ulempar med flytande rente:

  • Du får høgare rente dersom renta stig.
  • Du har liten oversikt over framtidige rentekostnader.

Fast rente
Om du vel lån med fast rente, er du bunde til den same renta i tre, fem, ti eller tjue år (bindingstida). Valt bindingstid kan ikkje vere lengre enn attståande løpetid på lånet.

Fordelar med fast rente:

  • Du har fullt oversyn over rentekostnadane i bindingstida.
  • Sjølv om det generelle rentenivået stig, har du den avtala renta i heile bindingstida.

Ulempar med fast rente:

  • Dersom det generelle rentenivået går ned, har du likevel den høgare renta i heile bindingstida.
  • Du kan ikkje fritt endre betalingsplanen.
  • Du må rekne med å betale overkurs dersom du bryt fastrenteavtala.

Les mer om hvordan fast og flytende rente fastsettes. 

Brot på fastrenteavtalen
Dersom du bryt fastrenteavtala, vert lånet ditt belasta med overkurs eller godskrive med underkurs. Som brot på fastrenteavtala reknast innløysing av lånet før avtala nedbetalingsdato, ekstraordinære betalingar i bindingstida, overgang til flytande rente i bindingsperioden og overføring av lånet til ny låntakar. Ved delvis innløysing reknast berre over-/ underkurs på den ekstraordinære betalinga, medan fastrenteavtala held fram uendra for attståande del av lånet.

Kva skal du velje?
Du må sjølv ta eit val ut i frå ei vurdering av din eigen situasjon og av renteutviklinga dei næraste åra. Fastrentelån gjev deg oversyn over lånekostnadane i heile bindingstida. Den flytande renta har som hovudregel vore lågare enn fastrentetilbodet på same tid, men dette kan variera over tid. Dersom du vel flytande rente, kan du gå over til fast rente utan å betale gebyr. I HB 4.C.28 finn du fleire moment som du kan sjå nærmare på.