Lånevilkår

Her gjev vi eit oversyn over dei viktigaste lånevilkåra; for retningslinje og brosjyre sjå "Ressursar og rettleiing" til høgre.

Valmoglegheiter

  • Løpetid inntil 30 år, i særlige tilfeller inntil 50 år på startlån og på grunnlån ved finansiering av kommunalt disponerte/eide utleieboliger
  • Avdragsfri periode inntil 8 år etter utbetalingstidspunktet
  • Serie- eller annuitetslån
  • Flytande eller fast rente eller ein kombinasjon av desse
  • Fast rente i 3, 5, 10 eller 20 år
  • Kvartalsvise eller månadlege betalingsterminar (halvårlege terminar for kommunar og burettslag som er medlem av sikringsfond for husleigetap)
  • Forfallsdato den 1., 12. eller 20.

På grunnlag av den økonomiske situasjonen og storleiken på lånet kan Husbanken i særskilte tilfelle endre på dei vala som er gjort i søknaden.

Løpetid og avdragsfri periode

Totale lånekostnader aukar dess lengre løpetid og avdragsfri periode du velg. Normalt blir det ikkje gjeve avdragsfri periode for:

  • lån til barnehagar
  • lån til utleigebustader (unntak er bi-leilegheiter i private bustader)
  • lån i kombinasjon med bustadtilskot
  • lån til låntakarar med svak økonomi og uten forventa positiv inntektsutvikling.

Rentevilkår

Lån blir vanlegvis utbetalt med flytande rente. Dersom du ønskjer fast rente, kan du tidlegast velje den fastrentea som gjeld fra månaden etter utbetalingsdato, føresett at frist for retur av signert tilleggsavtale er overhaldt . Husbanken gjev ikkje råd om du bør velje fast eller flytande rente. Du må sjølv ta eit val ut frå ei vurdering av din eigen økonomiske situasjon og forventa renteutvikling dei næraste åra.

Ved å klikke på følgjande lenkjer kan du lese mer om:

Lånekalkulator

Du kan simulere ulike nedbetalingsalternativ i lånekalkulatoren vår, sjå i boksen til høgre på denne sida.

Gebyr

Husbanken kan endre og innføre gebyr når det er gjeve varsel om det.

Ved opptak av lån kjem det eit etableringsgebyr på 600 kroner. Termingebyret er 30 kroner.

Det er ikkje gebyr ved overgang frå flytande til fast rente eller ved overgang til flytande rente ved utløpet av ein fastrenteavtale.

Ved oppdelig av lån kjem det 1 x rettsgebyr per oppdelt eining. Rettsgebyret blir fastsett av Stortinget.

Ved misleghald av lån kjem det gebyr på 50 kroner ved andre gongs varsel og 150 kroner ved tredje gongs varsel. Ved eventuell rettsleg inndriving kjem det ytterligare omkostnader. Les her om kostnader ved mislighold.