Korleis oppstår over- og underkurs?

Vi gjør merksam på at personkundane kan føreta ei faktisk kursberekning av sine lån i Mitt kundeforhold.

Overkurs

Overkurs oppstår når fastrenta på nye lån er lågare enn fastrenta på det lånet som fastrenteavtalen blir broten på. I prinsippet vil långjevar ha eit rentetap ved at lånet blir lånt ut igjen til ei lågare rente. Låntakar som bryt fastrenteavtalen, må derfor betale ei "rentetapserstatning" til långjevar.

Underkurs

Underkurs oppstår når fastrenta på nye lån er høgare enn fastrenta på det lånet som fastrenteavtalen blir broten på. Långjevar vil få ein "gevinst" på å låne ut igjen lånet til ei høgare rente. "Rentegevinsten" skal gå til låntakar. Underkurs blir ikkje utbetales, men går til reduksjon av lånet.

Berekning av over- og underkurs

Berekning av over- og underkurs blir gjort etter § 9 i forskrift om kredittavtaler mv. av 7. mai 2010 til Finansavtaleloven.