Bergen: Samling Startskudd, digitalt,enkelt, effektivt

Start: 05. mars 2018 10:00
Slutt: 05. mars 2018 15:00
Sted: Bergen - Husbanken vest, Solheimsgaten 11, Auditoret i første etasje
Pris: Gratis - Ev. reise og opphald må stå for eigen rekning.
Påmeldingsfrist: 28. februar 2018 00:00

Husbanken vest inviterer kommunane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland til samling om den nye saksbehandlarløysinga Startskudd, DIGITALT – ENKELT - EFFEKTIVT.

Målgruppe

 Saksbehandlarar i kommunane i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane som arbeider med startlån og tilskot.

Hovudparten av dagen vil bli brukt på gjennomgang av saksbehandlingssystemet. Vi ser òg på føringane frå Tildelingsbrevet for 2018 og statistikk.

StartSkudd er det nye elektroniske saksbehandlingssystemet for startlån. Frå 2020 skal alle kommunane ta i bruk StartSkudd. Dette vil vere tidssparande for saksbehandlarane i kommunen, som bør lære seg dette systemet, samt ta det i bruk så snart som mogeleg.

Gevinstar for saksbehandlar ved å bruke StartSkudd:

• automatisk innhenting av data frå offentlege registre
• enkelt å prioritere i søknadskøen
• sikker elektronisk dialog med søkjar
• automatisk arkivering av dokumenter og dialog med søkjar ved bruk av KS SvarInn
• vedtaksstøtte forankra i forskrift om startlån
• genererte vedtaksbrev – saksbehandlar kan endre teksten

Kontaktpersonar:

Kari Kamberg Rinna 55 30 66 53 kari.kamberg.rinna@husbanken.no
Monica Ketelsen 55 30 66 45 monica.ketelsen@husbanken.no