Samarbeid

Bustad er ein grunnleggande del av den enkelte si velferd og bustadpolitikk er ein del av den generelle velferdspolitikkjen. Samarbeid på tvers av sektorar og fag er viktig for at Husbanken skal oppnå resultat på det bustadpolitiske området.

Husbankens kjerneoppgåver er auka busetting av vanskeligstilte på bustadmarknaden og fleire miljøvennlige og universelt utforma bustader og bygg. Desse oppgåvene kan ikkje Husbanken løyse aleine.

Statlige etatar, kommunar, interesseorganisasjonar og frivillige organisasjonar er alle viktige aktørar for å auke Husbanken si måloppnåing innanfor desse områda. For å samordne innsatsen har Husbanken inngått samarbeidsavtaler med sentrale aktørar.

Samarbeidsavtalene er viktige rammer for at innsatsen på det velferdspolitiske området blir heilheitleg og samordna. Avtalane beskriv område med felles utfordringar og korleis ein gjensidig kan bidra til å nå måla. Samarbeidsavtalar med interesseorganisasjonar og frivillige organisasjonar gjev Husbanken auka kunnskap om behov hos ulike målgrupper, innspel til utvikling av Husbanken sine verkemiddel og kanalar for informasjon om våre verkemiddel.

Formålet med avtalene er:

  • legge til rette for eit best mogleg samarbeid innanfor felles velferdspolitiske område
  • god samordning mellom politikkområder
  • bidra til betre koordinering av statleg innsats overfor kommunane
  • betre bruk av de økonomiske verkemidla
  • kunnskapsoverføring om andre sektorar sine mål og verkemiddel
  • utvikling av ny kunnskap
  • meir kunnskap om effekta av bustadpolitikkjen
  • politikkutvikling